Har fått trua på at ho kan lukkast

Merk deg namnet Martine Håland. 18-åringen frå Fjaler blir omtala som eit av dei største sangtalenta i fylket. No er ho klar med sin første singel.

Martine Håland

INSPIRASJON: 18-åringen frå Fjaler fekk tidlegare i år ein dag saman med Marit Larsen. Det gav ho trua på at det går an å lukkast som musikar, sjølv om det er mange om beinet. No satsar ho for fullt.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Den handlar om ei spesiell kjensle. At ein er lei av å vere på same stad i livet, lei av at alt er slik det har vore, men samstundes at ein er ekstremt redd for det nye og nye impulsar, fortel ho om låten «Drowning in the wind».

For eit år sidan vart ho overraska med Drømmestipendet på 10 000 kroner, og sidan då har karrieren berre gått ein veg. Tidlegare i år vart ho plukka ut til å delta i prosjektet "Talent møter mentor", og fekk då ein dag med verdsstjerna Marit Larsen.

– Det var veldig inspirerande. Det fekk meg til å tru på at eg kan klare å slå gjennom om eg prøver. Alle har ein lik sjanse, seier 18-åringen.

Martine Håland

TALENT: Martine Håland gjesta studioet til NRK Sogn og Fjordane denne veka. Hennar første singel er lista i lokalradioen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Deltek i talentjakt

For Martine Håland betyr musikken alt. I år skal ho også delta på TV2 si talentjakt "The stream". Der kan unge håpefulle musikarar laste opp videoar, og dei som blir mest sett og lytta til, går vidare i konkurransen. TIl no har over 1000 sendt inn bidrag, men Håland har eit håp om å gjere det godt. Ho vart sjølv oppmoda av produksjonsselskapet til å melde seg på, etter at dei hadde høyrt songen hennar på NRK Urørt.

– Det er kort tid sidan eg la ut min video, og sist eg sjekka var eg på 146.-plass.

Ho håpar konkurransen gjer at ho får vist fram musikken sin og det ho kan til fleire.

– Eg har veldig lyst til å bli sett, som alle andre. Eg vil at nokon skal like musikken min nok til å samarbeide med meg, seier ho.

At kampen er hard vitnar dei mange bidraga i talentkonkurransen om. Ho vil ikkje sette seg for hårete mål, men håpar likevel at ho har det som trengst for å stå fram i mengda.

– Eg trur og håpar at tekstane er mi styrke. Det er sjel og kjensler i songane, og dei er veldig personlege. Eg har ein del songar, og håpar å få til ein EP på sikt.