Hopp til innhold

Har fått tømt båten

– Brannmannskap avslutta i halv-tre tida i natt arbeidet med å tøme båten Fjord Visjon for vatn, seier Nina Andal, ved Alarmsentralen i Florø.

Fjord Visjon med slagside

HAR KONTROLL: Båten Fjord Visjon, kjend frå fleire TV-program, fekk slagside medan den låg til kai i Fardal.

Foto: Christian Blom / NRK

Båten låg til kai ved Fardal i Sogndal då det ved 16-tida sundag vart oppdaga at den låg med slagside.

Det var ikkje folk ombord i båten, som er eigd av Mats Bækkelund, då den den byrja å ta inn vatn. Det er førebels uvisst kvifor båten tok inn vatn. Bækkelund sjølv er på reise og ønskjer ikkje å kommentere hendinga før han har fått sett seg inn i kva som har skjedd.

– Det ligg framleis ligg lenser rundt båten. Det skal ikkje vere utslepp av betydeleg mengde frå båten, seier Andal.