Hopp til innhold

Har fått tips om svart arbeid ved torghandelen – kommunen etterlyser meir tilsyn

Aurland kommune har teke imot tips om mistanke om svart arbeid ved torghandelen i Flåm. No etterlyser kommunen meir tilsyn frå ansvarlege etatar.

Torghandel i Flåm

SKAPAR DEBATT: Det har vore ein sterk auke i torghandelen siste åra. Er den unødvendig, rotete og skapar støy eller eit kjekt og godt tilskot til handelen?

Illustrasjon: Arne Veum

– Vi er oppe i 19 ulike torghandlarar i sommar. Nokre står i lengre periodar, andre kjem og går, seier næringssjef Inge Håvard Aarskog i Aurland kommune.

Suvenirar, mat, klede, frukt og fisk. Torghandelen i sentrum av Flåm er omdiskutert, og i eit notat frå kommunen kjem det fram at alt kanskje ikkje føregår etter lova.

– Som svart arbeid som vi har fått tips om at nokon har mistanke om at enkelte torghandlarar held på med.

– Kva gjer de med desse tipsa?

– Det kan eg ikkje gå nærmare inn på, seier Aarskog.

Etterlyser kontrollar

NRK har spurt Skatt Vest om dei har hatt kontrollar i Flåm i sommar, utan å få svar. Aarskog meiner Mattilsynet, Arbeidstilsynet og Skatteetaten burde ha hyppigare kontrollar med torghandelen.

– Skattemessige forhold, mattryggleik og arbeidsforhold er det andre offentlege etatar som har ansvar for. Då må dei også vere til stades for sjå at ting går riktig for seg.

– Vi skal sjølvsagt bidra, men vi hadde sett stor pris på om dei viste seg oftare, gjerne koordinert, seier Aarskog.

Kommunen får støtte frå den erfarne torghandlaren Alf Husebø, som var ein av dei første som starta utsal i Flåm.

– Eg ønskjer at dei oftare sjekkar matdelen på torget. Eg har ikkje noko å kritisere dei andre for, men eg har inntrykk av at Mattilsynet ikkje har vore hos andre, seier Husebø som hadde full revisjon av Mattilsynet i sommar.

Følgjer ikkje reglane

– Vi har hatt fem tilsyn ved torghandelen i Flåm i sommar, svarar seniorinspektør Grete Mollan Breisnes i Mattilsynet i Sogn.

Hygiene og trygg mat har vore hovudfokus under tilsyna, som har gitt varierande resultat.

– Det vart ei stenging, eit tilsyn resulterte i pålegg med veldig korte fristar og det har vore tilsyn der det meste har vore i orden, utan pålegg.

På etterlysinga av hyppigare tilsyn påpeikar seniorinspektøren at sommaren er svært travel i Indre Sogn.

– Verksemdene kjenner regelverket. Dei burde klart dette utan påpeiking og pålegg, men vi ser at jobben vår er nødvendig. Dei klarar ikkje etterleve regelverket, konkluderer Breisnes.

Det vert torghandel også neste sommar, det har kommunen bestemt. No vurderar dei kva tiltak som kan forbetre handelen og forhindre lovbrot.

– Døme på det kan vere å be om skatteattest, seier næringssjefen.