NRK Meny
Normal

Har fått svar frå Kripos – står framleis utan spor i søket etter sakna

Mobilen til den sakna 24-åringen frå Eritrea har blitt saumfare av Kripos. Men politiet står framleis på bar bakke i forsvinningssaka i Årdal.

Sakna asylsøkjar frå Eritrea

HÅPET SVINN: Den eritreiske 24-åringen har vore sakna sidan 23. mai. Dei omfattande søka har så langt vore resultatlause.

Foto: Privat

Politiet hadde nyleg eit oppsummeringsmøte, der dei gjekk gjennom saka for å kvalitetssikre arbeidet som har blitt gjort.

– Vi har ingen nye opplysningar om den sakna, seier Magne Knudsen, lensmann i Årdal.

Fekk svar frå Kripos

Den 24 år gamle mannen frå Eritrea har vore sakna sidan torsdag 23. mai. Då vart han observert ved Vetti Gard, om lag fem kilometer frå der bilvegen sluttar ved Hjelle.

Dei omfattande søka etter mannen har så langt vore resultatlause.

Kripos har nyleg gått gjennom mobiltelefonen til mannen, på jakt etter opplysningar som kan kaste nytt lys over forsvinninga. Også eritrearen sine rørsler på sosiale medium har blitt sjekka ut.

Alt utan resultat. Dermed svinn håpet om å finne mannen.

– Vi har søkt i dei områda som vi kan søkje, seier lensmannen.

– Som å leite etter nåla i høystakken

Dermed står politiet framleis utan spor. Utan ny informasjon, er det ikkje aktuelt for politiet å starte nye leiteaksjonar.

Samstundes fortel lensmannen at det er eit stort ønskje i det eritreiske miljøet i Årdal om å halde fram leitinga. Det har han liten problem med å forstå.

– Vi skal prøve å leggje til rette for det etter beste evne. Men det er eit utruleg krevjande terreng og det er som å leite etter nåla i høystakken, seier Knudsen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå