Hopp til innhold

Har fått status som typisk turiststad

Trass i at Balestrand har vore ein turiststad i mange, mange år, har dei først no søkt om å få status som typisk turiststad. Det betyr at butikkane kan utvide opningstidene sine.

Sognefjord Akvarium i Balestrand

TURISTATTRAKSJON: Sognefjord Akvarium er ein av dei fleire turistattraksjonane i Balestrand.

Foto: Bjørn Skanke Sande

Kommunen har søkt om statusen for perioden 1. mai til 30. september.

– Det inneber at dei kan få halde butikkane opne på søndagar og andre heilagdagar, seier Gunnar O. Hæreid hos Fylkesmannen.

– Har eit sterkt merkenamn

Balestrand har ikkje tidlegare søkt om statusen, men Fylkesmannen var ikkje i tvil om at den skulle innvilgast.

– Vi har funne det godt dokumentert at det er mange turistar i Balestrand på den tida. Dei handlar der og dei bur der på dei ulike hotella og andre overnattingsstadar. I tillegg har vi lagt vekt på at Balestrand har eit sterkt merkenamn som turiststad, seier Hæreid.

Meiner det vil bety mykje

Næringssjef i Balestrand kommune, Johannes Sjøtun, seier dette er ei understreking av statusen deira som turistplass.

– Eg reknar med at næringslivet ser positivt på dette. Det står att å sjå kor mykje dette vil bety for inntektene. Litt vil det nok bety, og det vil nok bety ein del for profilen til Balestrand å kunne ha denne moglegheita, seier han.

Butikkane får sjølv bestemme om dei vil bruke moglegheita til å ha søndagsope i perioden, og i kva utstrekning dei vil nytte den.