Hopp til innhold

Har fått skadefellingsløyve på to jervar i Sogn

Mellom 10 og 20 mann vil kontinuerleg drive jervejakt i Indre Sogn fram til midten av februar. Beitelaga i Luster, Årdal og Lærdal har nyleg fått fellingsløyve på to jervar.

Jerv avliva ved Gjerde i Jostedalen

ROVDYR: Jerven har gjort stor skade og tok over 850 sauer og lam i Indre Sogn i fjor. No har beitelaget i området fått skadefellingsløyve på to jervar. (arkivfoto)

Foto: SNO-Aurland rovviltseksjonen

– Det er vanskeleg å drive lisensfelling her, så skadefellingsløyve og at vi får nytte snøscooter gjer at vi kan ha folk kontinuerleg ute, seier leiar for beitelaga i området, Arne Rebni Øverås.

Sommaren har vore katastrofal for sauebøndene i Indre Sogn. Jerven tok over 850 sauer og lam, og mange jervar er på ferde i området. Men rovdyret er særs folkesky og eit vanskeleg dyr å drive jakt på. Difor er snøscooterløyvet avgjerande, meiner Øverås.

Særs krevjande jakt

– Åteplassane må ligge inne i fjellet der jerven er, og vi har ikkje bilveg inn i desse områda om vinteren. For jegerane har det vore lite interessant å gå inn, for det er eit strabasiøst terreng og langt, fortel sauebonden.

I fylket vart det i beitesesongen 2014 teke over tre gonger så mange beitedyr som i eit normalår. Det er gjeve fellingsløyve på ti jervar, men Statens naturoppsyn har tidlegare sagt at det er lite truleg at alle er vekke før komande beitesesong.

I Indre Sogn gjer opp til 20 mann seg klare til å gjere ein innsats for å få has på det skjerre rovdyret. For å lukkast med jakta på det kontinuerleg vere jegerar på post som er klare om jerven dukkar opp. Men skal sauene i området få fred det komande året må det ein større innsats til.

– Vi håpar å lukkast med jobben vi gjer lokalt. Men i dette terrenget kjem vi ikkje utanom at Statens naturoppsyn også må gjere ein del, dersom det skal monne, understrekar Øverås.