Hopp til innhold

Har fått skadar for 6–7 millionar – må ha hjelp utanfrå

VASSENDEN (NRK): Jølster skisenter må ha hjelp frå Statens naturskadefondet skal dei klare å opne til anlegget til vinteren. Uvêret i juli gjorde skadar for millionar i senteret.

Even Hole

HEILT ØYDELAGT: Dagleg leiar Even Hole står i det som ein gong var heistraseen. No er det meste vaska vekk av flaum.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Heistraseen er heilt øydelagd frå start og opp til mast 4, og på toppen er traseen øydelagd mellom mast 9 og 11, seier dagleg leiar Even Hole ved Jølster skisenter.

Då Jølster vart råka av ekstremnedbør 30. juli i år, tok elva ved skisenteret ein ny veg og følgde fallina ned heistraseen. I tillegg vart også vasstilførselen til snøkanonane øydelagd.

– No har vi ikkje fått noko takst på skadane men eg reknar med at vi fort snakkar om seks–sju millionar, seier Hole.

Det er meir enn skisenteret kan klare sjølve.

Naturskadefondet

Skisenteret har førebels ikkje sendt søknad om erstatning til Naturskadefondet fordi dei enno ikkje har ein endeleg takst. Dei har kontakta ein privat takstmann for å dokumentere at skadane kjem på meir enn 500.000 kroner. Først då sender Naturskadefondet sine eigne takstmenn.

– Vi har allereie greidd å få gjort dei tinga som vi sjølve kan gjere på dugnad. No set vi vår lit Naturskadefondet, NVE og alle andre impliserte partar, seier Hole.

Når NRK kontaktar Naturskadefondet viser dei til at dei førebels ikkje har teke imot ein søknad frå Jølster skisenter. På generelt grunnlag opplyser dei at dei berre gir erstatning til skadar på private anlegg.

– Vi håpar berre vi får hjelp, for Jølster skisenter maktar ikkje dette åleine, seier Hole.

Jon Georg Dale og Oddmund Klakegg

SYNFARING Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) her på synfaring etter rasa på Vassenden saman samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

Foto: Bård Siem / NRK

Viktig for Jølster

Jølster kommune eig 57 prosent av aksjane i skisenteret, og har vore på synfaring i området.

– Jølster skisenter er viktig. Ikkje berre for innbyggarane i Jølster, men for mange som reiser hit for å stå på ski, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

– Kva kan kommunen stille opp med av pengar for å hjelpe skisenteret?

– Eg kan ikkje love pengar over telefonen no, det er litt for tidleg. Det er viktig å få avklart kva som blir erstatta gjennom naturskadeordninga, seier Klakegg.

Even Hole

STORE SKADAR: Store deler av heistraseen er rett og slett vaska vekk.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Ventar i spaning

Ved Jølster skisenter kryssar dei fingrane for at dei får den økonomiske støtta dei treng for å klare å opne igjen når den første snøen kjem.

– Det er betydelege ting som må gjerast. Vi skal prøve å få til vatnet og å få heisane til å gå, og så få vi sjå kor mykje vi kan gjere i forhold til tryggleiken, seier Hole.

– Fryktar du at de kan kome i den situasjonen at de ikkje klarar å skaffe pengane de treng, og dermed ikkje får opna skisenteret til vinteren?

– Det er det verste som kan skje. Vi skal gjere alt som er i vår makt for å få det til. Dugnadsgjengen her i Jølster er klare til å bidra. Vi er ikkje ute for å be om «snille» pengar, men eg meiner den norske stat må kunne sjå verdien og vere med å bidra, seier Hole.