Hopp til innhold

Har fått nok av mobilbruk døgnet rundt

Mobilbruk heile døgnet er blitt ei plage for pasientane ved Førde sentralsjukehus. No tek sjukehuset grep for å hindre sjenerande bruk av telefonen.

Inghild Espeland Mowatt og Randi Hove

UTFORDRING: Inghild Espeland Mowatt (t.v.) og Randi Hove fortel at mobilbruk har blitt ei utfordring på sjukehuset.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Plakatar på dørene til fleirmannsromma på Førde sentralsjukehus seier at folk må vise omsyn når dei brukar mobiltelefon på pasientrommet.

Inghild Espeland Mowatt, seksjonsleiar på medisinsk sengepost, seier mobilbruken går utover pasientane og at problemet har blitt større.

– Dei pasientane som ligg her treng fred og kvile, og mobilbruken er eit surr og dei som ligg og snakkar i telefon tek kanskje lite omsyn til medpasientane. Det kan vere døgnet rundt, seier Mowatt.

Har innført strengare reglar

Mellom 21.30 og 08.00 er det ikkje lov å snakke i telefonen. Både ortopedisk, kirurgisk, kreftsengeposten og medisinsk sengepost har no plakatar som opplyser om dette. Mange tek lite omsyn til sjuke pasientar som treng kvile, ifølgje Randi Hove som er spesialsjukepleiar i kardiologi.

– Eg synest at folk tek lite omsyn. Dei brukar mobilen heile døgnet, snakkar veldig høgt, og særleg på firesengsrom er det eit problem.

(Artikkelen held fram under biletet)

Plakat på dør på pasientromma på Førde sentralsjukehus

VIS OMSYN: Plakat på dørene på pasientromma på Førde sentralsjukehus. Tilsette ønskjer at pasientane må bli flinkare til å ta omsyn til kvarandre når det gjeld mobilbruk.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Synest det er viktig å ta omsyn

Dei to pasientane NRK pratar med har ikkje sjølv opplevd mobilbruken som eit problem.

– Ja, det har vore mobilbruk på romma, og eg har vore ein av dei, men det har ikkje vore noko problem. Eg ser at det kan vere eit problem på kveld og natt, og særleg dersom det er pasientar på rommet som er ekstra plaga skal ein vere litt forsiktig med å bruke det, seier Vidar Grønnevik.

Han visste ikkje om reglane for mobilbruk på førehand.

– Vi som har levd av ei stund og kanskje er avhengig av briller innimellom, vi har ikkje fått med oss det som står på oppslaget på veggen, men det står der og no veit eg det, seier han.

Må gi tydelege beskjedar

Vidar Grønnevik

IKKJE PROBLEMATISK: Pasient Vidar Grønnevik har ikkje sjølv opplevd mobilbruk som problematisk, men ser at det er viktig å ta omsyn på kveld og natt.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Heller ikkje pasient Ester Bortheim har vore plaga av mobilbruk.

– Det er jo alltid ein del mobilbruk på rommet, men det har ikkje plaga meg. Men eg veit ikkje korleis det hadde vore om eg hadde vore skikkeleg sjuk, om eg då hadde reagert meir, Esther Bortheim.

Spesialsjukepleiar Randi Hove seier dei må gje enkelte pasientar tydeleg beskjed om overdriven mobilbruk.

– Vi prøvar å informere så snart vi ser at det er aktuelt. Heldigvis er det mange som tek omsyn og har gode reglar for bruk, men elles må vi seie frå, ganske tydeleg enkelte gonger.

Vanskeleg balanse mellom behov

Ho trur ikkje dei gjer ein god nok innsats for å hindre mobilbruk.

– Vi prøvar å tenke at dei har behov for å ha kontakt med sine pårørande, men vi må bør nok vere flinkare på å skjerme dei og gi tydelegare beskjedar, seier Hove.

Utfordringa ligg også i at dei må balansere behovet pasientane har for kontakt med pårørande og behovet dei har for å kvile.

– Vi ser jo at pasientane ofte har behov for å ha kontakt med pårørande og brukar mobilane til det, så det er kjempeviktig. Difor har vi prøvd å tilpasse det slik at det er mogleg å snakke med dei til tider, men ikkje heile døgnet, seier Mowatt.