NRK Meny
Normal

Ni millionar for å forske på forfattarmuseum

– Vi kan gjere mykje med desse pengane, seier førsteamanuensis Ulrike Spring, som leiar forskingsprosjektet ved avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Ulrika Spring

KUNNE SPRETTE KAKE: Ulrike Spring har fått tildelt ni millionar kroner frå Forskingsrådet for å forske på museum.

Foto: Stine Kyrkjebø / NRK

Forskingsprosjektet har namnet TRAUM, Transforming Author Museums, og handlar om forfattarmuseum i endring. Prosjektet skal ta for seg skjønnlitterære forfattarmuseum i Noreg, men også i andre deler av Europa.

– Vi skal forske på kor viktig litteraturen er i samfunnet, og vi skal særleg sjå på korleis ein kan formidle litteratur, og dermed ser vi også på måten litteraturen blir framstilt på i utstillingar og i museum, seier Spring.

Forskingsgruppa er, i tillegg til Ulrike Spring, samansett av Ove Oklevik, Atanu K. Nath, Parmita Saha Oddmund Hoel frå ASF og Eli Bjørhusdal frå ALI, Johan Schimanski og Marianne Egeland frå UiO.

Nynorskforfattarar

– Dei fleste forfattarane som har eit museum er kvite menn. Dette er kulturpolitiske avgjersler, så vi skal undersøke kvifor ein vel å lage museum ut av éin type forfattarar, og kva dette seier om samfunnet.

Studiet skal sjå på nynorskforfattarar og minnestader som er laga om dei, og om det er eit viktig poeng i utstillingane at dei skreiv på nynorsk.

– Kvifor er det viktig å forske på dette?

– Det er viktig at ein blir meir medviten på dette, og ser på kva det er som gjer at ein ser på nokon personar som heltar, seier Spring.

Kombinerer det regionale og internasjonale

Det er FRIPRO, programmet til Forskingsrådet som deler ut midla. Prosjektet skal vare i tre til fire år, og er eit tverrfagleg samarbeid mellom litteraturvitarar, historikarar, didaktikarar, og forskarar på turisme og marknadsføring. Forskarane skal også sjå på kva musea har å seie for turismen i området.

Kva trur du var grunnen til at dette prosjektet fekk tildelt støtte?

– Eg trur litt av grunnen er at vi kombinerer det lokale og det regionale med det nasjonale og internasjonale, for vi ser på litteratur som er viktig for korleis vi oppfattar oss sjølve, og dette er eit universelt tema.

Viktig signal

Erik Kyrkjebø

KAN HEVDE SEG: – Denne prisen viser at vi kan hevde oss på lik linje med høgskular og universitet i resten av landet, seier viserektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Erik Kyrkjebø.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Viserektor for forsking og utvikling Erik Kyrkjebø, meiner tildelinga gir høgskulen fleire moglegheiter framover.

– Prisen gir oss moglegheita til å forske djupt i eit tema over lenger tid, seier han.

– Dette sender eit viktig signal om at høgskulen i Sogn og Fjordane kan konkurrere på lik linje med dei andre Høgskulane og universitetet i landet. I tillegg synleggjer dette kvaliteten i forskingsmiljøa i Sogn og Fjordane.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser