Hopp til innhold

– Vi diskuterte aldri fusjonsplanar

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet har fått massiv kritikk etter ein omstridd middag med leiinga i Fjord1. Kjelsnes seier at planane om fusjon aldri kom på bordet.

Åshild Kjelsnes

BERRE EIN MIDDAG: Åshild Kjelnes seier at fusjonsplanane aldri vart diskutert under middagen ho hadde med Fjord1-leiinga.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Dette var ein uformell middag, ikkje ein middag for å drive med forhandlingar eller drive tung informasjon, seier Kjelsnes.

Fekk ingen informasjon

4. mars i år møtte Kjelsnes styreleiaren i Fjord1, Reidar Sandal, og konsernsjef Dagfinn Neteland til ein middag på kveldstid på Grand Cafè i Oslo. Det var berre desse tre personane til stades under middagen, som skjedde under oppstarten av fusjonssamtalane med Norled, og rett etter at styret i Fjord1 hadde blitt informert om dei komande samtalane.

Kjelsnes avviste fyrst at middagen hadde skjedd, men har seinare stadfesta at ho møtte leiinga i Fjord1 på Grand Cafè i Oslo. Fylkesordføraren seier ho verken spurte etter eller fekk informasjon om at leiinga ville starte samtalar med Norled om fusjon.

– Eg visste ikkje at det skulle gjennomførast samtaler med Norled, seier Kjelsnes.

Burde ikkje nokre bjølle ha ringt hjå deg?

– For det fyrste var det greitt å bli betre kjent med nye direktøren i ein litt anna setting enn det man vanlegvis er i. For det andre visste eg faktisk ikkje at det var utilrådeleg eller forbode å ete middag i lag med folk ein kjenner. Det var det dette dreia seg om.

– Ho har forbetringspotensial

Noralv Distad

BØR FORBETRAST: Noralv Distad meiner Åshild Kjelsnes har forbetringspotensial som representant for majoritetseigaren i Fjord1.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Gruppeleiar for Høgre i fylkestinget, Noralv Distad, har tidlegare sagt til NRK at han meiner det er underleg at eit selskap Sogn og Fjordane Fylkeskommune er majoritetseigar i, Fjord1, er klar til å sette i gang fusjonsforhandlinga utan å orientere om det.

Distad er framleis forundra over kva som har skjedd etter å ha høyrt Kjelsnes si forklaring.

– At dei har ei samtale utan at fusjonen er eit tema er veldig underleg. Eg var ikkje til stades, men slik det blir framstilt no av Kjelsnes, har dei ikkje prata om fusjonsplanane, det er veldig spesielt, seier han.

Gruppeleiaren meiner Kjelsnes har eit forbetringspotensial som representant for majoritetseigaren i Fjord1.

– Ho må vere meir pågåande når representantar for selskapet ikkje gjev informasjon. Ho må seie at Sogn og Fjordane Fylkeskommune må heile tida vere informert om kva selskapet jobbar med, seier Distad.