NRK Meny
Normal

Har fått inn over 100 namn

Senterpartiet inviterte heile fylket til å komme med innspil til kven dei vil ha på Sp-lista i Sogn og Fjordane ved neste års val. Responsen let ikkje vente på seg.

Erling Sande

MANGE Å VELJE BLANT: Erling Sande og nominasjonsnemnda i Sp har fått ei lang liste med namn å jobbe med utover hausten.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Nominasjonsnemnda har no fått inn over 100 namn på moglege listekandidatar til fylkestingsvalet i september 2015.

– Dei fleste er medlemmer i partiet, andre er det ikkje, opplyser Erling Sande som leiar nominasjonsnemnda.

Ville ha nye namn på blokka

Den tidlegare leiaren i Stortingets energi- og miljøkomité er svært nøgd med den utradisjonelle måten partiet har henta namneinnspel på. Medan det til vanleg er partilaga som får kome med innspel, opna partiet denne gongen opp for at alle innbyggarane i fylket kunne seie kven dei vil skal toppe Senterpartiet si liste.

Sande håpar det kan få fram kandidatar som elles ikkje ville hamna på lista.

– Målet med denne opne runden var at folk fritt skulle få spele inn namn. Det kan jo tenkast at personar som i utgangspunktet ikkje hadde tenkt at dei var aktuelle for eit verv, kanskje vurderer det likevel når dei no er føreslegne av nokon.

Døropnar inn i politikken?

Kanskje, trur Sande, kan ein slik få fram nye politiske talent i Sogn og Fjordane.

– Det kan vere med på å opne døra for nye personar inn i politikken som folkevalde, men det viktigaste er at folk rundt om fylket får delta i ein prosess som eigentleg er dei politiske partia sin prosess. Alle er ikkje medlem i eit politisk parti, men dei kan også ha verdifulle innspel, meiner den tidlegare stortingsrepresentanten.

Men om dei føreslegne personane faktisk vil stå på Sp-lista, det veit Sande førebels ikkje.

– Vi har førebels ikkje spurt om dei vil stå på lista vår, det vil vi komme tilbake til, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jenny Følling

TEK ATTVAL: Fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Gaular har alt sagt ja til attval, og er den flest har spelt inn. Det same har Arnstein Menes (bak) frå Balestrand, mens Nils Gjerland (t.v.) gir seg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Av dei som stod på lista til sist fylkestingsval, er det klart at Nils Gjerland , Bjørg Bergheim og Anita Nybø har takka nei til attval. Senterpartiet sitt nominasjonsmøte vert halde 14. november

Dette er namna som er komne inn:

Open runde, innspel frå folk flest på e-post:

Austrheim, Olin Astrid - Gloppen
Bergheim, Bjørg - Jølster
Bergum, Liss - Gloppen
Bråstad, Tore - Hyllestad
Carlsen, Kjell Kristian - Askvoll
Engevik, Bjarte - Solund
Felde, Kjetil - Fjaler
Følling, Jenny - Gaular
Hellebust, Magnar - Gaular
Herstad, Erlend Haugen - Naustdal / Senterungd.
Hjelle, Anne Mette - Førde
Hugvik, Edvin - Gloppen
Kristiansen, Reidun - Førde
Kvalen, Ivar - Luster
Lorentzen, Anders - Hyllestad
Menes, Arnstein - Balestrand
Nedrebø, Ole Jakob - Fjaler
Ness, Steinar - Gaular
Rivedal, Henning - Leikanger
Rødland, Askild - Høyanger
Sandal, Arve - Førde
Sande, Erling - Gloppen
Sande, Gunn Karin - Selje
Sandsund, Torkild - Fjaler
Solheim, Ove Joar - Fjaler
Utvær, Hanne Marie - Selje
Varlid, Ove - Førde

Partilaga sine innsendte forslag, rangert tal framlegg:

Jenny Følling - Gaular
Aleksander Øren Heen - Årdal
Karen Marie Hjelmeseter - Sogndal
Arnstein Menes - Balestrand
Bjørg Bergheim - Jølster
Gunn Åmdal Mongstad - Solund
Erlend Haugen Herstad - Naustdal
Geir Helge Østerbø - Høyanger
Sigurd Reksnes - Eid
Karoline Bjerkeset - Gloppen
Kjetil Høgseth Felde - Fjaler
Anita Nybø - Bremanger
Eivind Steig - Luster
Gunn Sande - Selje
Kjell Kristian Carlsen - Askvoll
Per Kjøllesdal - Stryn
Anders Ryssdal - Gloppen
Astrid Drageset Raftevold - Stryn
Christine Morken - Luster
Erling Sande - Gloppen
Ivar Kvalen - Luster
Ole Johnny Stubhaug - Førde
Steinar Gudmund Ness - Gaular
Viggo Leikanger - Naustdal
Bjørn Sølsnes - Leikanger
Gerd Sunde Førde - Jølster
Laura Kvamme - Sogndal
Olin Astrid Austrheim - Gloppen
Anne-Britt Øen Nygård - Hornindal
Hallvard S. Oppedal - Gulen
Hanne Marie Utvær - Selje
Jan Geir Solheim - Lærdal
Kjell Magne Åshamar - Eid
Linne Lending - Solund
Mari Andrea Ness - Gaular
Nils Gjerland - Førde
Oddmund Klakegg - Jølster
Ole Simen Nesdal - Leikanger
Reidun Kristiansen - Førde
Aleksander Frøyen - Bremanger
Anders Hjellbakk - Hornindal
Anders Vikøren - Vik
Ann-Margritt Hopland Eikås - Eid
Askild Rødland - Høyanger
Astrid Ruud - Leikanger
Beate Domben Øren - Flora
Bjarte Engevik - Flora
Bodil Strømmen Edvardsen - Bremanger
Britt Domben Mulelid - Bremanger
Cesilie Bjørlo - Eid
Daniel Fedøy - Askvoll
Daniel Røed - Solund
Eldar Engelund - Hornindal
Elin Haugen - Naustdal
Frode Gjerde - Førde
Gro Starheimsæter - Lærdal
Gunnvor Linde - Balestrand
Heidi Merete Kjempenes - Askvoll
Helga Irene Ellingsen - Gulen
Ida Fretland - Fjaler
Inger Jorun Årseth - Jølster
Inger Marie Svingeset - Hornindal
Ingrid Stein Bortne - Aurland
Jan Herstad - Naustdal
Johan J. Berge - Stryn
Kari Hilde Ulvik - Hyllestad
Karl Vidar Førde - Bremanger
Knut Hauge - Luster
Kristin Margrete Byrknes - Gulen
Kristina Tomasgard - Hornindal
Lars Atle Larsen - Gulen
Lars Petter Nesse - Lærdal
Leidulf Gloppestad - Gloppen
Leiv Gunnar Vervik - Balestrand
Marianne Bøtun - Vik
Marit Aakre Tennø - Luster
Morten Askvik - Hyllestad
Møyfrid Steinsund Kvamme - Gulen
Målfrid Steindal - Flora
Niels Arne Torstad - Sogndal
Nikolai Åshamar - Eid
Nils Myklebust - Vågsøy
Olav Turvoll - Vik
Ole-Mathias Nes - Sogndal
Per Jarle Myklebust - Gloppen
Renate Rendedal - Balestrand
Ruben Skrede - Jølster
Svein Olve Slinde - Luster
Tore Bråstad - Hyllestad
Wenche Ness Gabrielesen - Askvoll
Øyvind Heimtun - Bremanger

Senterungdommen sine kandidatar:

Erlend Herstad, Indre Sunnfjord Senterungdom - Naustdal
Per Inge Indrebø, Indre Sunnfjord Senterungdom - Jølster
Oddne Skrede, Indre Sunnfjord Senterungdom - Jølster
Linn Christin Fløholm, Indre Sunnfjord Senterungdom - Høyanger
Ruben Skrede, Indre Sunnfjord Senterungdom - Jølster
Kristine Steen, Indre Sunnfjord Senterungdom - Førde
Christine Morken, Luster Senterungdom - Luster
Aleksander Øren Heen, Årdal Senterungdom - Årdal
Nikolai Åshamar, Eid Senterungdom - Eid
Anita Nybø, Bremanger Senterungdom - Bremanger

Kjelde: Sogn og Fjordane Senterparti

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå