Hopp til innhold

Har fått inn 42.000 våpen, no vil politiet ha fleire

I tre månadar kan folk som har ulovlege våpen heime levere dei inn til politiet utan å bli straffa. Blir du tatt etter 31. mai ventar strenge straffer.

Våpen

42.000: Under dei andre amnestia som har vore har det kome inn mange våpen. Nokre av dei endar på kriminaltekniske avdeling hjå Kripos på Bryn i Oslo.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Alle som vert tekne med ulovlege våpen risikerer inntil to års fengsel. I grove tilfelle er strafferamma fire år. Har ein våpenkort for anna våpen, må ein i tillegg rekne med at dette vert kalla tilbake, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannesen.

Onsdag startar det tredje nasjonale våpenamnestiet, der folk kan levere inn våpen som ikkje står oppført i våpenregisteret. Det kan vere til dømes vere våpen frå krigen eller våpen som har gått i arv og står registrert på nokon andre. For å unngå straff må våpena vere politiet i hende innan 31. mai.

– Det gjeld alle typar våpen. hagler, handvåpen, rifler og gamle halvautomatiske våpen, seier Frank Ivan Knutsen ved våpenkontoret i Odda.

Arne Johannessen

HANDTERING: _ Vi har fokus på tryggleik og det er viktig å unngå vådeskot, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen. han ber folk vere varsame når dei skal levere inn våpen dei komande månadane.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Meld frå at du kjem med våpen

I heile 2004 var det eit liknande amnesti, då leverte nordmenn inn 35.000 uregistrerte våpen. I 2008 vart det levert inn 7000 våpen i løpet av seks månadar. Kor mange ulovlege våpen som finst rundt om i norske heimar har ikkje styresmaktene oversikt over. Noko av bakgrunnen for at ein no går i gang med ein ny straffefriperiode er å få betre kontroll.

– Ulovlege våpen er ein risiko for samfunnet. Erfaringar syner at våpenamnesti er eit godt verkemiddel for å redusere talet på uregistrerte skytevåpen, seier justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen frå Framstegspartiet.

Politiet håpar mange vil kome til dei med våpen i løpet av perioden. Likevel ber dei folk som har tenkt seg innom sitt lokale lensmannskontor med våpen om å vere varsame, og minner om at sprengstoff og handgranatar ikkje må transporterast.

– Det er fint å ringe før ein kjem, slik at politiet der er merksame på at nokon kjem innom med eit våpen, seier Knutsen.

Våpena kan også leverast inn anonymt, og det er opp til deg sjølv å avgjere om du vil få våpenet øydelagt eller registrert. Dei som leverer inn ulovlege våpen i perioden risikerer heller ikkje tap av våpenkort. eller avslag på framtidige søknadar på dette.

– Det er viktig å nytte seg av denne perioden, for då er ein garantert å ikkje bli straffa, seier Johannessen.