Også i løpet av laurdagen fekk politiet inn tips frå vitner og personar som meiner dei kan hjelpe til med oppklaringa av drapet. Rundt 240 tips har kome inn til politiet så langt. Fleire av dei frå personar som ikkje såg noko morgonen Anne Slåtten vart drepen, men som likevel meiner dei har noko å bidra med.
Tilfeldig offer
Stadig meir tyder på at Anne Slåtten vart eit tilfeldig offer for drapsmannen. Politiet reknar etter kvart med at dei har to relativt sikre observasjonar av henne på veg til arbeid. Dei to observasjonane er gjort knappe to kilometer, og ein kilometer, vekke frå sjølve åstaden. Slåtten vart ikkje seksuelt misbrukt, men drapet kan likevel ha hatt eit seksuelt motiv.
Kan ha venta
Mannen kan ha venta på eit offer i det vesle skogholtet som ligg tett inn til Angedalsvegen. Han kan også ha følgt Slåtten eit stykke på vegen, og slått til akkurat der. Sjølv om skogholtet ligg tett inn til vegen, så er det likevel ein stad som ligg ope til. Angedalsvegen ligg i ein slakk sving akkurat på det punktet. Bilistar, syklistar og andre gåande har fri sikt på over 100 meter rett mot svingen anten dei kjem frå aust eller vest.
Set saman informasjon
Politiet vil framleis ikkje seie om drapet kan ha hatt eit seksuelt motiv, eller korleis Slåtten vart drepen. Dei trappa ned etterforskinga i helga, og fleire av dei som har arbeidd med saka har teke fri. Politifolka som arbeider med drapet i helga tek i mot nye tips og arbeider med å setje saman informasjonen. På den måten prøver dei å kartlegge alle som var i Førde sentrum mellom klokka 0400 og 0900 søndag den 6. juni.