Hopp til innhold

Har fått hets og klager

LAVIK – OPPEDAL (NRK): Matros Freddy Øen på batteriferja «Ampere» har hatt tunge dagar på jobb.

Freddy Øen

GJEKK UTOVER ARBEIDSMILJØET: Matros på «Amper» Freddy Øen har hatt tunge dagar på jobb.

Foto: Steinar Lote / NRK

Verneombodet på batteriferja Ampere slo alarm om arbeidsmiljøet til matrosane på grunn av hets og utskjelling frå trafikantane.

– Det gjekk utover arbeidsmiljøet. Vi fekk mykje kjeft frå reisande og vi vart kalla ting eg ikkje vil gjenta, fortel han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Mannskapet om bord på batteriferja Ampere er lei hets og negative kommentarar. På da verste var sjikaneringa så ille, at det gjekk utover arbeidsmiljøet.

LEI AV HETS: Mannskapet på «Ampere» er lei av å bli skjelt ut av passasjerane. (Reporter: Rune Fossum, foto: Steinar Lote/Espen Hobbesland, redigering: Jørgen Eide)

Fekk høyre det

Grunna ladeproblem måtte batteriferja innstillast ved fleire høve og ferja gjekk ofte med redusert kapasitet.

– Då vi tidlegare hadde tekniske problem fekk vi mykje stygge kommentarar frå irriterte bilistar, fortel Øen.

Folk var irriterte på at ferja ikkje gjekk når den skulle, og det var matrosane som fekk høyre det.

– Det var tunge dagar når det var på det verste. Vi får håpe at folk ikkje tenkte seg om før dei slengde ut av seg frustrasjonen, seier Øen.

– Heilt forferdeleg

Overstyrmann Lavik Oppedal

URETTFERDIG: Overstyrmann på «Ampere», Charlotte Låstad, meiner matrosane har blitt ufortent dårleg behandla av reisande.

Foto: Rune Fossum / NRK

Overstyrmann på «Ampere», Charlotte Låstad, er samd i at det ikkje alltid har vore like lett å vere mannskap på ferja, spesielt for matrosane.

– Eg som styrmann tykkjer det er heilt forferdeleg. Eg vil ikkje at mannskapet skal bli kalla stygge ord på jobb. Uansett kor sinte folk er, er det ikkje greitt, seier ho.

Styrmannen meiner konstruktiv kritikk er viktig, men når det blir for mange urettferdige kommentarar er det uakseptabelt.

– Vi gjer det beste vi kan og prøvar å halde miljøet og humøret på topp, men ein skeiv kommentar kan sette seg i kroppen ei stund og du går rundt og kjenner på det, seier Låstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ampere Lavik-Oppedal

LYSARE KVARDAG: Ferja har no stabilisert seg og mannskapet tykkjer det er kjekt å vere på jobb att.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kjekt å vere matros igjen

Ferja har no stabilisert seg og ein har fått kontroll over problema ein tidlegare opplevde. I juni vart 99,6 prosent av turane mellom Lavik og Oppedal utført etter rutetabellen, i første halvår var det 94,4 prosent av turane som gjekk som dei skulle.

Matrosen fortel at arbeidsdagen er mykje lettare no som ferja går nærast alle turane sine og at det er kjekt å vere matros igjen.

– Dei fleste som reiser med ferja er veldig nøgde. Det er mykje positive kommentarar til ferja og mange hyggelege reisande. I tillegg er det spanande å få vere med på eit pilotprosjekt, seier Øen.