Hopp til innhold

Har fått fornya håp om å få stoppa sjødeponiet i Førdefjorden

Den nye regjeringa vil ikkje gje løyve til nye sjødeponi for gruveavfall. – Venstre må presse på for å få stoppa dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden, krev Natur og Ungdom.

Natur og ungdom på Engebøfjellet

STOD PÅ BARRIKADANE: Natur og Ungdom sine folk har lenka seg fast til Nordic Mining sine maskiner for å få stoppa arbeidet. No har dei håp om at Venstre kan få stoppa deponiet med ein plass i regjeringa.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Gaute Eiterjord, Natur og Ungdom

NYTT HÅP: – Det er berre fem land i verda som held på med sjødeponi, så det var veldig bra at Venstre fekk gjennomslag for ein strengare politikk på dette feltet, seier Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom.

Foto: Erik Waage / NRK

– Vi ventar at Venstre jobbar på internt i regjeringa for å få stogga forureiningsskandalen i Førdefjorden. Det er framleis mogleg å stogge det, det er lenge til prosjektet er realisert, seier leiar Gaute Eiterjord.

Han vart positivt overraska over gjennomslaget Venstre har fått for sin miljøpolitikk i den regjeringsplattforma til Høgre, Frp og Venstre. Der står det mellom anna at det ikkje vil bli gitt nye løyve til sjødeponi for gruveavfall i den neste perioden. Regjeringa vil også greie ut konsekvensane av eit forbod mot nye sjødeponi.

– Vi skulle ønskje at det stod i regjeringserklæringa at gruvedumpinga i Førdefjorden ikkje skal skje. Men når det står at ein ikkje skal ha nye deponi og at dei vil greie ut eit forbod mot dumping, så er det eit tydeleg signal om at dette er ein gamaldags måte å ta hand om avfallet sitt på, seier Eiterjord.

Nordic Mining er ikkje uroa

Nordic Mining ønskjer å vinne ut mineralet rutil i Engebøfjellet i Naustdal. Planen er å deponere overskotsmasse frå gruvedrifta i eit fjorddeponi i Førdefjorden.

Natur og Ungdom er blant dei som har stått høgst på barrikadane i kampen for å få stoppa planen om deponiet. For to år sidan lenka ungdomane seg til Nordic Mining sine maskiner på Engebøfjellet, og har sidan betalt nærare ein million kroner i bøter for oppførselen.

No har Eiterjord fått nytt håp.

– Det er enno mogleg å stoppe prosjektet. Nordic Mining har ikkje søkt om driftskonsesjon, og Venstre kan i regjeringa vere med å stogge den.

Ivar Fossum i rettsalen

TRUR DET HAR LITE Å BETY: Ivar Fossum i Nordic Mining ser ikkje grunn til at den nye regjeringsplattforma skal ha umiddelbare innverknader på utsleppsløyvet dei allereie har fått.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Administrerande direktør Ivar Fossum i Nordic Mining ser ingen grunn til uro, trass føringane som blir lagt for framtidige sjødeponi i regjeringsplattforma.

– Eg kan ikkje tenkje meg at dette har noko å seie for løyva vi har fått. Dei har blitt vurdert gjentekne gonger av ulike styresmakter og forvaltningsorgan gjennom veldig mange år, seier Fossum til NRK søndag kveld.

– Eg håpar vi kan berge Førdefjorden også

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang, er svært glad for at dei har fått gjennomslag for å seie nei til nye utsleppsløyve til sjødeponi.

– Det er vanskeleg å seie på ståande fot. I utgangspunktet skal det ikkje ha tilbakeverkande kraft. Men så er det dette med om føresetnadane er haldne, og det er løyver som framleis ikkje er gitt. Det må vi sjå på, seier ho og legg til.

– I eit nasjonalt perspektiv er det viktig at Førdefjorden-saka ikkje gir presedens for korleis vi skal bruke fjordane. I verste fall går prosjektet inn som eit monument for ein avslutta praksis. Men eg håpar vi kan klare å berge Førdefjorden også.

– Dei har tolka det i ei retning dei ønskjer

Det seier stortingsrepresentant Frida Melvær i Høgre. Ho har vore i Moss søndag og har snakka med den politiske leiinga i Høgre om akkurat dette punktet i regjeringsplattforma.

– Det blir ikkje gitt utsleppsløyve til nye sjødeponi i perioden fram til 2021. Men dette får ingen konsekvensar for løyva som er gitt, blant anna i Førdefjorden. Dei ligg fast, seier ho til NRK søndag kveld.

Høgre-politikaren ser ingen grunn til at Natur og Ungdom no skal få fornya håp til å stoppe deponiet i Førdefjorden.

– Dei har nok tolka dette i ei retning dei ønskjer. Løyvet som er gitt i Førdefjorden og Nordic Mining sitt arbeid blir ikkje råka av desse setningane i regjeringsplattforma.

Ho har ikkje sansen for at det frå Venstre si side blir gitt signal om at deponeringa i Førde kan bli stoppa.

– Det er feil tolking, seier Melvær.