Hopp til innhold

Denne døra er open ein dag i veka: – Vi er ganske heldige, seier elevrådsleiar

Takka vere ekstramidlar frå Helsedirektoratet kan elevane ved Dale vidaregåande skule få råd og hjelp hos helsesøstera ein heil dag i veka.

Mari Dale Salbu, elevrådsleiar ved Dale vidaregåande skule

OPEN DØR: Elevrådsleiar Mari Dale Salbu framfor døra til helsesøstera på Dale vidaregåande skule. Medan helsesøstera før berre hadde kontortid ein halv dag i veka, har ho dei siste åra hatt fast dag heile onsdagen.

Foto: Privat

– Det er veldig viktig at vi har nokon å snakke med som ikkje er lærar, og som vi ikkje møter i timane. Eg trur det er litt annleis for elevane å snakke med helsesøstera, og eg trur fleire opnar seg for ho om dei har problem, seier elevrådsleiar Mari Dale Salbu.

For tredje året på rad har Fjaler kommune fått ekstra pengar for å styrke helsetenesta ved den vidaregåande skulen i kommunen. Dermed kan helsesøstera vere ein heil dag på skulen, mot ein halv dag tidlegare.

– Dei ekstratimane har også gjort til at alle førsteklassingane får ein samtale med helsesøstera på starten av året. Det trur eg er viktig for nye elevar, då kan ein fange opp ting om det er noko, seier elevrådsleiaren.

– Alle veit kven helsesøstera er

Hilary Hamper

ØNSKER SEG EIN FAST PENGEPOTT: Leiande helsesøster Hilary Hamper i Fjaler vedgår at det er litt skummelt at pengane blir løyvde år for år. – Det hadde vore kjekt om det var ein fast pengepott, seier Hamper.

Foto: Privat

Det er gjennom Helsedirektoratet si tilskotsordning for Utvikling av skulehelsetenesta i vidaregåande skular at Fjaler har fått 150.000 kroner i 2017. I 2015 og 2016 har kommunen fått 100.000 kroner kvart år frå same ordning.

Hilary Hamper er leiande helsesøster i Fjaler kommune. Ho er spesielt glad for at dei takka vere ekstraløyvinga har ressursar til å prate med alle elevane som byrjar i førsteklasse.

– Helsesøstera gjer ei lita kartlegging og prøver å identifisere tidleg om det er nokon som treng tettare oppfølging. Men ikkje minst, alle veit kvar helsesøsterkontoret er og kven ho er. Då blir det lettare å ta kontakt.

– Eit ekstra tryggleiksnett

Gro Fivelsdal

– VELDIG BRA: Rektor ved Dale vidaregåande skule, Gro Fivelsdal, seier ho er glad for ekstra midlar til helsesøster ved skulen.

Rektor ved Dale vidaregåande skule, Gro Fivelsdal, er veldig glad for at dei har helsesøstera på skulen ein fast dag i veka.

Første del av dagen er det sett av timar til avtalar med elevane, medan resten av dagen står døra open slik at elevane kan stikke innom utan å ha avtalt noko på førehand.

– Oppstartsamtalane som helsesøster gjennomfører med elevane er eit ekstra tryggleiksnett dersom det er nokon som slit. Då kjem det gjerne fram der. Det er lettare å gripe fatt i det som kjem fram på eit tidleg tidspunkt, seier Fivelsdal.

Vil ha helsesøster tilgjengeleg heile tida

Elevorganisasjonen er blant dei som har stått på for å sikre at ungdomane får eit tilbod om hjelp på skulen.

– Sogn og Fjordane sitt tilbod av helsesøstrer er heilt greitt, men vårt ønskje er at flest mogleg skal ha tilgang til helsesøster heile tida, seier Hanne Hjartholm, leiar i Elevorganisasjonen i fylket.

– Eg synest vi er ganske heldige, seier Mari Dale Salbu ved Dale vidaregåande.