NRK Meny
Normal

Har fått draumejobben

VEVRING (NRK): For florømannen og geologen Steinar Kleppe (27) er gruvedrift i Engebøfjellet sjølve draumen. Nordic Mining er no i gang med å tilsette folk lokalt.

Steinar Kleppe, geolog

DRAUMEJOBBEN: Geolog Steinar Kleppe (27) skal få jobbe med gruvedrift i Engebøfjellet, som ein kan sjå i bakgrunnen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette er ein draum som no blir verkelegheit, seier Kleppe.

I nærare 10 år har han hatt interesser i prosjektet og vore interessert i Engebøfjellet. Og det var med ein viss draum han sommaren 2013 gjorde ferdig masteroppgåva si om nettopp Engebøfjellet.

– I mellomtida har eg jobba andre stadar, og gått rundt og håpa.

Tidleg interesse

Interessa for Engebøfjellet fekk Kleppe då han byrja å studere geologi.

– Eg syntest bergartar og steinartar var utruleg kult. Og så visste eg om at det var eit såpass interessant prosjekt der eg kom ifrå, seier Kleppe.

Han følgde saka i media, og studerte på eiga hand og fekk etter kvart god kunnskap om geologi og dei geologiske prosessane som fører til at du enkelte stader i verda får malmdanning.

– Det er ei sjeldan vare kan du seie, å ha så gode førekomstar så nært der du kjem frå. Så det er ein kombinasjon av interesse for både geologi og for framtida til området.

Steinar Kleppe, geolog

STEINAR: Under eit folkemøte i Vevring fortalte Steinar Kleppe med glød og engasjement om korleis dei unike steinforholda i Naustdal vart til for milliardar av år sidan.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Omstridd prosjekt

Som Sunnfjording har ikkje Kleppe unngått å få med seg at gruveprosjektet i Vevring i Naustdal er høgst omstridd.

– Eg er for det første veldig stolt av å kunne jobbe med dette. Eg veit at det er mykje motstand, men eg føler at dette er noko eg kan stå for med rak rygg gjennom heile prosjektet.

– Men det er dei som meiner dette er miljømessig uforsvarleg, eller i det minste miljømessig problematisk å skape eit fjorddeponi som du gjer. Kva tenker du om jobbe for eit slikt prosjekt?

– I første omgang så må eg bruke den kunnskapen eg har fått gjennom seks år på universitetet til å vurdere prosjektet sjølv. Det er det mange faginstansar som har gjort ei omfattande konsekvensutgreiing, og i utgangspunktet så må ein stole på dei, og det dei gjer. Så få er bruke min kompetanse på det eg er god på, som er geologi, seier Kleppe.

Prøveboring

No skal ein i gong med prøveboring f or å finne ut nøyaktig korleis minerala ligg i fjellet

– Det blir utruleg spanande. No har eg i fem år tileigna meg geologikunnskap, og endeleg skal eg få kome i gang å gjere noko skikkeleg matnyttig med det.

Han tar i første omgang ikkje med seg familien til Sunnfjord.

– Nei, med eit i første omgang eittårs engasjementet så er det litt risikabelt å selje hus og flytte. Men får vi gode resultat og det ser lovande ut, så flyttar også dei hit, og til Naustdal, seier Kleppe.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast