Hopp til innhold

Transportfirma har fått over 150.000 kroner i bot på ein månad: – Dei lærer aldri

Berre ein månad etter at det polske vogntoget fekk 137.000 kroner i bot i Nord-Noreg, vart det same firmaet stoppa med ei rekkje feil og manglar på eit vogntog i Førde.

Vogntog stoppa for andre gong på ein månad. Bøter på 150.000 kroner

STOPPA IGJEN: Det polske vogntoget var for breitt, dårleg lasta, hadde dårlege dekk og mangla bombrikke.

Foto: Statens Vegvesen

No har det polske transportfirmaet til saman fått 156.000 kroner i gebyr på berre ein månad.

– Det vitnar om eit transportfirma som ikkje tar trafikksikkerheita på alvor, og som stort sett blåser i det meste av lovar og reglar, seier inspektør i Statens vegvesen, Svein Ove Salt.

  • I ei tidlegare utgåve av denne saka var det publisert feil bilde av feil vogntog. Dette er no retta opp og NRK beklagar feilen. Bilda av vogntoget som vart publisert i første utgåva av saka var anonymisert og verken skiltnummer eller firmalogo viste.

Alvorlege feil og manglar

Vogntoget med spesialtransport hadde lite på stell då det rulla inn på kontrollplassen i Førde. Tre meter og 17 centimeter breitt skulle det køyrd med følgjebil framfor seg, for å varsle om brei transport. Det gjorde det ikkje.

Svein Ove Salt i Statens vegvesen

ALVORLEG: – Dei blåser i lovar og reglar, seier inspektør i Statens vegvesen, Svein Ove Salt.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Sjåføren skulle køyre smale vegar i mørket, med last som stakk langt ut av sidene på køyretøyet. Det kunne potensielt forårsaka stor skade, seier Salt.

I tillegg køyrde vogntoget med fire dekk på 2,5 til 3 millimeter i mønsterdybde, under det lovlege minstekravet på 5 millimeter, og det mangla bombrikke for tunge køyretøy.

– Vogntoget har tidlegare blitt stoppa med manglande bombrikke, og gebyret blir difor dobbelt så stort, på 16.000 kroner, fortel Salt.

Dårleg sikra last

Lasta var heller ikkje sikra godt nok. Sjåføren av vogntoget fekk åtvaring for brot på bestemmingane om køyre- og kviletid.

Vegvesenet gav køyretøyet bruksforbod inntil alle feil blir retta opp, og kalla inn firmaet til føretakskontroll på køyre- og kviletid i heimlandet Polen. Totalt gav dei firmaet ei bot på 19.000 kroner.

– Dette synest eg ikkje noko om, for det er alvorlege feil, seier Salt.

Vil halde auge med firmaet

Då det same firmaet vart stoppa og kontrollert for ein månad sidan i Nord-Noreg, køyrde det også då spesialtransport. Vogntoget var overlasta, mangla bombrikke og vart også bøtelagt for dekka. Her enda det opp med heile 137.000 kroner i gebyr.

– Nokre lærer aldri, skreiv Statens vegvesen på Twitter då dei på ny vart stoppa i Førde.

– Vi får håpe at dei no har kome opp i ein så stor sum at dei kanskje har lært, men dette er eit firma som vil bli kontrollert særdeles ofte her i Noreg, seier Salt.