Hopp til innhold

Barnehagar har fått 250.000 kroner for lite

Tre private barnehagar i Jølster klagar til kommunen. Barnehagane meiner kommunen gjennom fleire år har gitt dei for lite i tilskot.

Illustrasjonsbilde av barn i barnehage

IKKJE BERRE I JØLSTER: Private barnehagers landsforbund har erfart at feil i rekninga av tilskot er eit stort problem i mange kommunar.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Det er Vassenden, Ålhus og Årdal barnehage som no klagar til Jølster kommune over for lite kommunalt tilskot. Dei meiner kommunen gjennom fleire år har rekna feil barnetal og for lite aktivitet i de private barnehagane.

– I verste fall må barnehagane leggje ned fordi kommunen ikkje reknar rett. Pengane barnehagane hadde krav på i 2014, får dei ikkje før i 2016, og då kan det vere for seint, seier statistikk- og økonomianalytikar Anders Grønmo i Private barnehagers landsforbund (BPL), som representerer barnehagane i klagesaka.

Reknefeil

Frå 2015 gjeld nye reglar der ein tek to år gamle rekneskap, og justerer opp rekneskapen til dagens nivå.

– I staden for å justere rekneskapen, har Jølster kommune justert heile satsen, inkludert barnetala. Vi har funne ut at barnehagane har fått over 250.000 kroner for lite, berre grunna denne feilen, seier Grønmo.

Kommunalsjef i Jølster kommune, Lise Toverud, stadfester at kommunen har teke imot fleire klagar frå barnehagane. Ho meiner kommunen har følgt forskriftene når de har rekna ut tilskot.

– Vi har med oss dei forskriftene som ligg til grunn når vi reknar ut tilskot til barnehagane. Vi har nytta eit rekneark som i si tid vart utarbeida av KS og PBL, seier Toverud.

Uklart regelverk

Dei private barnehagane i Jølster klaga på feil i tilskotet første gong i mai. Då tok det seks månader før kommunen hadde behandla klagen, og PBL og kommunen vart til slutt samde om at barnehagane hadde fått for 250.000 kroner for lite.

No har barnehagane klaga til kommunen igjen, og ber om at Jølster kommune reknar tilskotet for åra 2013, 2014 og 2015 ein gong til.

Grønmo i PBL meiner at Jølster kommune har gjort ein grov feil. Han seier samtidig at det ikkje er uvanleg at kommunane reknar feil, og at det skjer hyppigare i små enn i store kommunar.

– Det er ein uklar forståing av regelverket. Vi får dagleg spørsmål frå både kommunar og barnehagar om korleis dei skal gjere dette, seier han.

Toverud i Jølster seier at dei no arbeider med den nye klagen, og at det ikkje vil ta like lang tid denne gongen.