Hopp til innhold

Har fått 13 millionar til nytt forskingsprosjekt

Eit forskingsprosjekt leia av Helse Førde har fått 13 millionar kroner i gåve til å avdekke livsstilssjukdomar på eit tidleg stadium.

Helse Førde har fått 13 millionar til nytt forskingsprosjekt, skal identifisere livsstilssjukdomar på eit tidleg stadium.

VIDEO: Professor i kjemi, Olav Martin Kvalheim og prosjektleiar Tarja Rajalahti Kvalheim i Vestlandsrevyen måndag.

Forskarane bak Fjordomics skal finne ut om du er i faresona for å få livsstilsjukdommar.

– Forskinga vår er fokusert mot livsstilssjukdomar. Vi prøver å kartlegge risiko og forstadie til livsstilssjukdomar så tidleg som mogleg, seier professor i kjemi, Olav Martin Kvalheim.

Fleire organisasjonar har opna lommeboka for prosjektet deira.

Med pengane skal Helse Førde bygge eit avansert forskingslaboratorium for blodanalyse i Bergen. Den skal brukast av fleire forskingsmiljø på Vestlandet.

– Vi treng dette utstyret for å gjere denne forskinga. Utan instrumentet blir det ikkje forsking, seier prosjektleiar Tarja Rajalahti Kvalheim.

Føremon

Helse Førde håpar dei nye maskinene skal gje dei ein teknologisk føremon.

– Det er få plassar i verda som gjer dette, og ingen som gjer det slik som vi tenker her. Det er kombinasjonen av svære datamengder, og dataanalysen, som er det spesielle, og som vi skal utvikle vidare.

– Også til produkt som har kommersiell interesse, seier administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

Sparebanken Sogn og Fjordane er ein av aktørane som har gitt pengar til prosjektet, via sparebankstiftinga.

– For det første har tiltaket stort potensial for førebygging av folkehelsa. Og så ser vi at dette er med på å stimulere forskingsmiljøa innan helse i fylket, seier administrerande direktør Trond Teigene.