Har etterforska ferdig brannen i Sogndal

Statsadvokaten seier seg ferdig med etterforskinga etter brannen i Sogndal i januar, der ein mann i 70-åra vart funnen omkomen etter brannen. Saka blir no lagt vekk.

Brann på Ulvahaugen i Sogndal

KRAFTIG RØYK: 18 personar vart evakuert då det byrja å brenne i bustadblokka i Sogndal, natt til 20. januar i år.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / porten.no

Det skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

18 personar vart evakuert då det byrja å brenne i ei bustadblokk i Sogndal sentrum natt til 20. januar i år. Ingen av desse vart skadd, men ein mann i 70-åra vart funnen omkomen i ei leilegheit då brannen var sløkt.

I pressemeldinga frå politiet står det at «avdøde vart obdusert etter brannen og det vart konkludert med at avdøde døde av akutt hjartesvikt før brannen var av vesentleg storleik.»

Saka er ferdig etterforska og har vore hjå statsadvokaten til vurdering. 20. juni 2019 vart det avgjort at saka blir lagt vekk.

Brannvarslingsanlegget i fellesarealet har vore tema i etterkant av brannen, og det var stilt spørsmålsteikn med om desse verka.

I ettertid av brannen vart varslingsanlegget sjekka og det er konkludert med at det fungerte som det skulle.

Ikkje mistanke om nokon kriminell handling

Lensmann i Sogn, Inger Lill Lanes, fortel at dei ikkje har komme over noko mistenkjelege forhold, og at dei difor vel å avslutte etterforskinga.

– Saka er no lagt vekk fordi me har ikkje funne nokon grunn til å sjå at det har skjedd noko kriminelt, og me har heller ikkje funne årsaka til at brannen oppstod, seier lensmannen.