Det kan ikkje utelukkast at mannen var medvitslaus grunna eit epileptisk anfall då han fyllekøyrde, og difor er ikkje grunnlaget for straff til stades, seier advokat Robert Fonn.
To i promille
Det var i fjor mannen som kjem frå Austlandet køyrde langs E39 i Sunnfjord påverka av alkohol. Politiet fann mannen i campinghytta han leigde nokre timar seinare, og han hadde då heile to i promille.
Blackout
Mannen seier sjølv at han ikkje hugsar noko frå kvelden. Han har etter hendinga vore til utgreiing for epilepsi, og ein nevrolog sa i retten at det ikkje kan utelukkast at mannen fekk ein blackout grunna epilepsianfall kvelden han fyllekøyrde.
Einige om frikjenning
Både aktor og forsvarar meinte i retten at mannen måtte frikjennast. Mannen sin forsvarar Robert Fonn, seier han ikkje kjenner til liknande saker.
- Eg kjenner ikkje til konkrete saker som er heilt samanliknbare med vårt tilfelle. Eg har ikkje hatt liknande saker, og eg har ikkje høyrt om andre saker heller. Men det er ikkje spesielt at ein vert frifunnen om vilkåra for straff ikkje oppfylte. I dette tilfellet var det epilepsi som var årsaka, seier Fonn.