Hopp til innhold

Her har han fått trakkemaskina opp att etter over 20 timar hard jobbing

Han frykta løypemaskina skulle bli ståande fast til 17. mai. Men etter 20 timar med hard jobbing har Kjell Arne Hjellbrekke fått maskina opp frå snøen.

Trakkemaskin

ENDELEG: Dei frykta maskina kom til å stå fast til 17. mai, men knallhardt arbeid har fått ho opp på rekordtid.

Foto: Privat

I snart ei veke har løypemaskina stått under to og ein halv meter snø inst i Angedalen i Førde. Men: I dag greidde Hjellbrekke saman med fleire medhjelparar å få maskina opp att.

– No er eg ein veldig letta mann. Eg har jobba i over 20 timar med å spa fram og jekke opp maskina, seier han.

Jobba med å berge maskina kvar kveld

Kjell Arne Hjellbrekke

LETTA: Kjell Arne Hjellbrekke er glad for at han endeleg har fått løypemaskina opp frå snøen, nesten ei veke etter han ho sokk to og ein halv meter ned i snømassane.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Sist fredag vart løypekøyringa hans av det meir strabasiøse slaget. For i den delen av lysløypa som ikkje går på skogsveg, sokk maskina ned på den eine sida. Og ikkje før var maskina retta opp att, så sokk ho ned på den andre sida.

Til sist stod heile løypemaskina nede i grova - to og ein halv meter nede i snøen.

Så venta mykje jobbing for å få opp ho att.

– Eg har jobba med å få maskina laus kvar kveld sidan fredag. Det har iallfall blitt 20 timar med hard innsats. Heldigvis har eg hatt med meg god hjelp frå fleire andre, seier Hjellbrekke.

Heldt på å sige ned att, men var heldige

Dugnadsgjengen greidde til slutt å få på plass beltet på maskina. Deretter fekk dei plassert nokre stokkar under beltet - slik at maskina kunne komme seg opp for eiga hjelp.

– Det var heilt på grensa til at maskina skulle sige ned att, men vi greidde det heldigvis. No kan eg køyre løyper for folk som gjerne vil på ski her, seier Hjellbrekke.

Overfor VG vedgår Hjellbrekke at han har lege vaken om nettene og fundert på korleis han skal få opp løypemaskina.

Løypemaskin køyrde seg fast i Angedalen.

NEDE I SNØEN: Ein dugnadsgjeng har over fleire dagar jobba iherdig med å få løypemaskina opp frå snøen. Dei greidde det til slutt.

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke