Hopp til innhold

Har du sett UA 26093?

Politiet etterlyser eit par stolne bilskilt i samband med innbrotet i gullsmedforretninga R. Hestenes på Nordfjordeid.

Innbrot hos R. Hestenes på Nordfjordeid.

INNBROT: Tjuvane tok seg inn denne døra til gullsmeden på Eid. No mistenkjer politiet at dei også har stole med seg eitt par bilskilt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Skilta som vart stolne natt til fredag har registreringsnummer UA 26093, og vart stolne på Nordfjordeid.

Politiet er interessert i tips frå publikum om dei har sett bilar med desse skilta. Dei set tjuveriet i samband med innbrotet hos gullsmed R. Hestenes i Eidsgata på Nordfjordeid.

Tjuvar stal med seg gull til ein verdi av kring 400 000 kroner under innbrotet .