NRK Meny
Normal

Har du sett denne mannen? Politiet ønskjer tips

Oslo-politiet etterlyser 49 år gamle Henrik Eriksen. Han blei sist sett i Førde og politiet ønskjer no tips om den sakna mannen.

Henrik Eriksen

BER OM TIPS: Henrik Eriksen er 191 cm høg. Han er tynn, har grått hår og snakkar austlandsdialekt.

Foto: Privat

Eriksen blei sist sett i Førde 14. mai. Han skal då ha sagt at han tenkte seg vidare til Ålesund. Ifølgje politiet er det ingen sikker observasjon av den sakna etter denne datoen.

Henrik Eriksen er 191 cm høg. Han er tynn, har grått hår og snakkar austlandsdialekt.

Dei som har opplysingar kan ringe Oslo Politidistrikt, anten til Saknagruppa/Kriminalvakta på telefon 22 66 91 89 eller sentralbordet 22 66 90 50.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast