Hopp til innhold

Har du eller borna dine tannlegeskrekk? «Star Wars-maskina» kan fjerne den

Dei aller fleste som har vore hjå tannlegen veit at det kan vere vondt og ubehageleg. Heilt nytt utstyr kan fjerne det.

Laser blir no brukt i Førde tannpleie

NØGDE TANNLEGAR: Ingebjørg Benediktsdotter og Jon Jørgen Tishamar med det nye «Star Wars-utstyret», som Benediktsdotter kallar det.

– Dette er ein laser som gjer at born og unge ikkje høyrer lydar eller kjenner vibrasjonar når hol blir fiksa. Eit veldig kraftig lys skyt pulsar ned i tanna, og vi får fjerna det som er dårleg eller øydelagd, seier ein stolt fylkesdirektør for tannhelse, Eilev Bent Rønnekleiv.

Det veka fekk Førde tannklinikk som den første klinikken i Sogn og Fjordane det nye utstyret. Rønnekleiv prøvde utstyret for første gong i dag.

Smertefritt besøk hjå tannlegen

Ei brentlukt er godt merkbar når tanndirektøren testar laseren.

– Vi fordampar vevet som er øydelagd i tanna. Det blir ikkje brent, det er ikkje temperaturstigning. Brentlukta er tanna som fordampar, det dårlege fordampar, seier Rønnekleiv.

Laserbehandling tannklinikk Førde

LASER: Utstyrsleverandør Niklas Noordenstral viser fram laserutstyret.

Foto: Elias Engevik / NRK

Alt dette skjer utan at tannlegen er i kontakt med tanna, og utan bedøving. Eit alternativ til det skumle boret.

– Dei som er litt redde for å gå til tannlegen får det no mykje enklare. Det er først og fremst for born og unge. Dei aller fleste vil greie vanleg tannbehandling, men så er det nokre vi må sende i narkose, som ikkje greier den vanlege boringa.

– Betyr dette rett og slett smertefritt besøk hjå tannlegen?

– Ja, det gjer faktisk det. Det blir i alle fall ei heilt anna oppleving enn tidlegare. Ikkje alle tannbehandlingar kan gjerast med laser, men enkle fyllingar og ein del andre behandlingar som tidlegare har gjeve ubehag, vil no gå mykje greiare, seier Rønnekleiv.

Eilev Bent Rønnekleiv

SMERTEFRITT: Seier fylkesdirektør for tannhelse, Eilev Bent Rønnekleiv.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Vi er veldig imponerte. Det er mykje vi kan gjere, både bore og trekke tenner på ein enklare måte. Det er veldig spennande, det er Star Wars for oss, seier tannlege Ingebjørg Benediktsdotter, som er med på testen.

– Særleg viktig for unge pasientar

Tannlegekollega Jon Jørgen Tisthamar synest også den nye teknologien er svært interessant.

– Det blir veldig spennande å ta eit blikk inn i ein heilt ny verd for ein vanleg tannlege. Det er heilt ny teknikk for meg. Vi er ikkje borti tanna, og det blir mindre smerte for pasienten, seier Tisthamar.

Benediktsdotter er så langt nøgd med det ho ser.

– Førsteinntrykket er veldig bra. Vi er imponert, og gler oss til å lære å bruke dette. Særleg med unge pasientar eller pasientar med angst.