Hopp til innhold

Har du ein filmskapar i magen?

Lagar du film? Då kan du sende den inn til Q-filmfestivalen.

Aleksander Sundal og Thomas Hovlandsvåg

Nestleiar Aleksander Sundal og festivalsjef Thomas Hovlandsvåg er ser fram til ein ny runde med Q-film.

Foto: Pressefoto

For åttande året på rad arrangerer tredje klasse ved medielinja ved Firda vidaregåande skule festival.

Også i år er det høve for unge filmskaparar å vise fram filmane sine.

Publikumspris

Konkurransen skjer i samarbeid med NRK. Filmane vil verte presenterte på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider der alle kan stemme på den som skal få publikumsprisen. I tillegg vil ein jury kåre vinnarar av andre kategoriar.

Fristen for å sende inn filmane er 30. oktober og du kan lese meir om konkurransen på nettsida til Q-film .

I fjor var det 18-åringane Erlend Eide og Pål Djupegot frå Sandane som vann publikumsprisen. Dei vann også prisen for beste komedie.

Sjå vinnarfilmen frå i fjor: Halloweeen 2008

Skrekk og gru

I år handlar det om skrekk når festivalen på Sandane blir arrangert 16. - 20. november. Og det blir viste eit breitt spekter av filmar innan denne sjangeren. Mellom filmane som alt er på plass er "Antichrist" og "Snarveien".

- Men det er viktig å presisere at dei innsendte kortfilmane ikkje treng å vere skrekkfilmar. Vi er interesserte i alle slags sjangrar, seier festivalsjef Thomas H. Hovlandsvåg.

- Eit flott tilbod

Han seier at Q-film er eit flott kulturtilbod for ungdom i fylket.

- Dei får oppleve filmvisningar på både tradisjonelle og utradisjonelle måtar, samt å få moglegheit til å uttrykke seg kreativt gjennom film.

Festivalen vert avslutta med den årlege Q-prisfesten, der dei beste av kortfilmane frå unge filmskaparar får velfortente prisar.

Her kan du sjå ein del av filmane frå i fjor