Hopp til innhold

Har du det beste haustbiletet?

I det strålande haustveret vi har vore velsigna med står fotomotiva i kø. Har du teke eit fint bilete i haust, eller ser du eit godt motiv, så ta bilete av det og send det til oss.

Refvikvatnet med bygda Refvik i bakgrunnen.
Foto: John Inge Refvik

Solnedgang i Sogn og Fjordane
Foto: Atle Inderoy
Rottweiler i solnedgang
Foto: Rita Steig
Frå Nordsida mot Loen
Foto: Olaug Samuelsen Mork

Alle bileta som blir sende inn blir viste på nettsida vår, og vinnaren får ein DAB-radio. Og sjølv om det er fine fargar i fjellet så treng det slett ikkje vere berre naturmotiv. Har du bilete av ein haustferieaktivitet, så send det gjerne inn.

Du sender bileta til sffoto@nrk.no og merker dei haustferiefoto. Send gjerne fleire bilete. Fristen er 1. november.

Send store bilete

Vi ønskjer bileta tilsendt via e-post. Pass på å sende med informasjon om kvar biletet er teke/kva motivet syner, og kven som er fotograf.

Store Skagastølstind

FINT MOTIV: Austanbotntind innramma av haustfargar. Biletet er teke frå fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Holsbru.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vi vil òg gjerne ha andre opplysningar om biletet – særleg viss det knyter seg ei spesiell historie til det.

Bileta blir presenterte på nettet med ei breidde på 650 biletpunkt (16:9-format), og må ikkje vere mindre enn dette. Bileta vil vi helst ha i originalstorleik.

Vi ønskjer bileta tilsendt i jpg- eller tif-format. Vi ser helst at du sjølv tek deg av eventuell bearbeiding av bileta.

Ved å sende bilete, gir du oss løyve til å nytte dei på nettsidene til NRK. Bileta som blir brukte, blir lagde ut saman med namnet til fotografen. NRK skal ikkje selje bileta vidare.