Hopp til innhold

Har dårleg tid – under eitt år før OL

Det er under eitt år igjen til OL i Rio. Utøvarane frå Sogn og Fjordane har dårleg tid.

Marius Vedvik, Øyvind Strømmen Kjerpeset og Geir Eithun

SATSAR MOT OL: Marius Vedvik (f.v.), Øyvind Strømmen Kjerpeset og Geir Eithun er blant dei fremste individuelle utøvarane på sommartid i Sogn og Fjordane. Alle tre satsar mot OL i Rio om eitt år.

Foto: Rune Fossum, NRK og Jon Eeg, Scanpix / Montasje

– Å komme til OL er ekstremt viktig for meg. Eg har tenkt på OL i Rio sidan OL i Beijing, og det er åtte år sidan. Eg har lagt ned veldig mykje i at eg skal komme til OL, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Hekkeløparen er ein av fleire idrettsutøvarar frå Sogn og Fjordane som har OL i Rio som det store målet neste år.

Men nålauga er trongt. Veldig trongt. Vi må heilt tilbake til 2004 for å finne sist gong Sogn og Fjordane hadde ein individuell utøvar med i sommar-OL, då Stian Grimseth deltok i vektløfting i Athen.

– Det er fantastisk bra at vi har utøvarar i Sogn og Fjordane – uansett idrett – som har slike ambisjonar. Dei veit sjølv kor trongt nålauga er, og kor mykje trening dei må leggje i potten. Eg håpar inderleg at dei lukkast, seier Narve Heggheim i friidrettskrinsen.

NRK har sjekka status for dei tre kanskje største individuelle OL-håpa frå fylket:

1. Øyvind Strømmen Kjerpeset (400 meter hekk)

Storma inn i norgeseliten med kongepokalen i friidrett i 2013. Sette norgesrekord med 49,95 same år – ei tid som hadde halde til semifinaleplass i VM. Har slite med skade og formsvikt siste året.

– Eg er veldig positiv til neste år. No er eg skadefri og kan satse hundre prosent gjennom vinteren, seier Kjerpeset.

Han går no tilbake til opplegget han brukte for to år sidan. Med betre treningsgrunnlag gjennom vinteren, meiner han at han kan komme tilbake for fullt.

Då er også OL innanfor rekkevidd. Han må truleg ned mot eller under sin eigen norgesrekord for å få OL-billett.

– Du har vore eit stykke unna OL-kravet i år?

– Ja. Med berre tre månadar til førebuingar, vart grunnlaget litt tynt. Men i det siste har eg fått farta mi tilbake, og eg er tilbake på dei treningstidene eg sprang på då eg var i skikkeleg god form. Så eg er veldig positiv til at det skal gå bra neste år.

Øyvind Strømmen Kjerpeset stormar i mål
Foto: Rune Fossum / NRK

2. Geir Eithun (sandvolleyball)

Satsar mot OL saman med makker Iver Horrem, som tidlegare har spelt i OL for Norge. Var nær ein OL-plass i 2012, då dei vann finalen i kontinentalcupen – men plassen i OL gjekk til Spinnangr og Skarlund. Har ikkje teke nok poeng i World Tour til at kvalifisering den vegen er realistisk.

– Eg føler vi ligg godt an. No er vi komne dit at vi må kvalifisere oss gjennom kontinentalcupen. Og no kan vi førebu oss eitt hundre prosent på det, utan fokus på så mange andre delmål, seier Eithun.

– Korleis vurderer du sjansane?

– Vi kjem ikkje til å møte lag der, som vi ikkje har slege før. Dessutan har vi vunne før, og vi har teke nye steg sidan den gongen – og skal ta fleire steg til neste år. Hadde vi ikkje trudd på det, hadde vi heller ikkje prøvd.

– Kor viktig er det for deg å komme til OL?

– Draumen har alltid vore å få spele eit OL ein gong. Så det betyr veldig mykje. Men det er ikkje noko eg tenkjer på i det daglege arbeidet. Vi har gjort jobben grundig og har ein plan vi har tru på, og det har forbundet og Olympiatoppen også, seier Eithun.

Horrem og Eithun
Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix

3. Marius Vedvik (5000 meter)​

Starta full satsing på friidrett først i 2010, og har hatt enorm framgang på kort tid. Vart norgesmeister på 5000 meter for første gong i 2014. Er i dag 23 sekund bak OL-kravet på 5000 meter, og tek i bruk høgdetrening for å ta det siste steget.

– Eg har persa med seks sekund i år, så det er eit stykke fram. Men eg har ikkje gitt opp OL-håpet. No er eg tilnærma fulltidsutøvar og har fått eit meir proft opplegg rundt meg, med bruk av høgdeopphald, fysioterapi og massasje. Det er ein lang veg å gå – men ikkje umogleg, seier Vedvik.

– Korleis skal du klare å hente så mange sekund på så kort tid?

– Eg endrar litt på treningsopplegget, og køyrer meir terskeltrening og meir hurtigheit. Og så legg eg inn høgdeopphald. Det er klart det er tøft, men det har skjedd større under før.

– Kva om det ikkje skulle gå?

– Då er det OL i Tokyo. Fire år er lang tid. Men i første rekke tenkjer eg EM i Amsterdam neste år. Men OL er mogleg om alt klaffar.

– Kor viktig er det for deg?

– Det er klart det er viktig. OL er det største for individuelle utøvarar, og det er det eg har trent for i alle år, seier Vedvik.

Laster Twitter-innhold
Marius Vedvik på 10.000 meter
Foto: Rune Fossum / NRK

Vil bli veldig skuffa dersom OL-toget går

Fotballspelaren Elise Thorsnes var Sogn og Fjordane sin representant i OL i 2008, då ho spelte alle kampane. Om Norge kvalifiserer seg, er ho eit sterkt kort i troppen også åtte år etter. I tillegg har utøvarar som Henrik Holmberg (friidrett) og Sindre Rørstadbotnen (vektløfting) ambisjonar om å delta i OL.

Men det blir altså uansett minst 12 år sidan fylket hadde med ein individuell utøvar.

Narve Heggheim kryssar fingrane for at vi får med ein eller fleire i Rio. Han meiner både Vedvik og Kjerpeset kan få betalt for langsiktig trening.

– Dei har kanskje ikkje hatt den framgang dei hadde venta. Men den treninga dei har lagt ned i år, står på ein måte i banken. Så får vi håpe dei får full betaling neste år, og at dei klarer OL-kravet, seier han.

– Får dei vere skadefrie, er OL-kravet realistisk, legg han til.

Narve Heggheim
Foto: Rune Fossum / NRK

– Kor vanskeleg er det å kvalifisere seg?

– Det er berre å sjå på kor mange utøvarar frå fylket vårt som har kvalifisert seg til OL i friidrett. Den lista er ikkje veldig lang. Vi har hatt gode utøvarar både nasjonalt og i EM, men det er eit stort steg derifrå til å kvalifisere seg til VM og OL, seier Heggheim.

For Øyvind Strømmen Kjerpeset vil eit OL-nei komme som ein stor nedtur.

– Det er det hardaste OL-kravet nokon gong, så det er vanskeleg – men eg har trua. Klarer eg det ikkje, vil eg bli veldig skuffa. Men eg får vel takle det på ein måte også, seier hekkeløparen.