Har brukt 3,5 millionar på advokat

Bremanger kommune har brukt 3,5 millionar på advokatutgifter i samband med Terra-skandalen.

Rådhuset i Svelgen, Bremanger kommune

STORE ADVOKATUTGIFTER: Bremanger kommune har brukt 3,5 millionar på advokatbistand.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kommunen har så langt tapt over 230 millionar kroner på investeringane gjennom Terra, og står i fare for å tape endå meir.

Vil bruke meir pengar

Tom Joensen

Rådmann Tom Joensen

Foto: Privat

Rådmann Tom Joensen likar ikkje å bruke mykje pengar på advokatar, men seier kommunen treng advokatbistand i samband med Terra-saka også i åra som kjem.

– Det er klart at det juridiske arbeidet i høve til oppryddinga i Terra-saka er svært omfattande, seier Joensen til NRK.no.

– Vi kjem nok til å bruke meir pengar i tida som kjem. Vi har budsjettert med kostnader til dette formålet kvart einaste år sidan saka kom, seier Joensen.

– Riktig å bruke pengar på dette

– Men er det rett bruk av pengar å bruke millionar på dette?

– Ja, visst vi ser motsidene på dette og ser dei verdiane som ligg der, så blir ikkje dette store beløp dersom vi når gjennom med krava våre, seier han.