NRK Meny
Normal

Har brukt 3,2 millionar mot dyretragediar

Statens vegvesen har siste fire åra gjort tiltak for 3,2 millionar kroner for å hindre viltpåkøyrslar i fylket. – Vi trur det har hatt god effekt, seier miljøkontakt Ann Kristin Nes.

Ettersøkshund og hjort

ETTERSØK: Ublide møte med bilar har ført til mange dyretragediar på vegane i Sogn og Fjordane. No kan talet vere på veg ned.

Foto: Norges Jeger- og Fiskeforbund

Dei siste åra har tal hjortepåkøyrslar ligge på kring 280. Ei oppsummering politiet har gjort for NRK.no viser at talet i år er 223.

Miljøkontakt Ann Kristin Nes hos Statens vegvesen, trur tiltaka ikkje er dei einaste faktorane som spelar inn.

Ann Kristin Nes, miljøkontakt i Statens vegvsen.

TRENG MEIR: Ann Kristin Nes seier dei ynskjer å bruke meir enn dei kring 750.000 kronene årleg for å hindre hjortepåkøyrslar.

Foto: Anna Gytri / NRK

– I tillegg hadde vi ein ganske snill vinter i fjor, noko som gjorde at dyra held seg meir i ro. Men vi veit at vi har spart ein del hjorteliv på dei verste strekningane per år. Det er bra både dyrevelferdsmessig, men også for samfunnskostnaden som følgjer med hjortepåkøyrslene, seier ho.

God effekt ved rydding

Statens vegvesen har mellom anna sett opp 1,7 kilometer hjortegjerde og rydda skog langs eksisterande veganlegg. Spesielt langs riksveg 5 og E39.

– Noko av gjerda er samanhengande, spesielt mellom Kaupanger og Mannheller, men elles er det mykje punktvise gjerde for å styre hjortekryssinga til meir oversiktlege punkt, seier ho og legg til:

– I tillegg har vi rydda ganske mykje på utsette strekkjer, slik at bilførarane ser hjorten i god tid før den kryssar. Vi ser at det å rydde har ein veldig god effekt i høve til pengebruk. Å setje opp gjerde er også effektivt, men det er dyrt.

– Har effekt

Rudi Sønnervik og Stella

EFFEKT: Rudi Sønnervik i ettersøksutvalet ynskjer velkommen meir rydding og hjortegjerde for å hindre viltpåkøyrslar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Leiar av ettersøksutvalet i Sogn og Fjordane, Rudi Sønnervik, meiner tiltaka er sterkt medverkande til den store reduksjonen . Han meiner også at bilistane er meir merksame på hjorten.

– Når hjorten kjem på vegen, så kjem den fort, seier Sønnervik.

Statens vegvesen har i snitt brukt kring 750.000 kroner i året på å hindre hjortepåkøyrslar. No er Nes i gang med å be om meir pengar til neste år.

– Vi ynskjer meir pengar i høve til siktrydding, seier ho.

Følgjer rapport

– I tillegg blir det lagt inn i dei nye driftskontraktane at området som skal ryddast, aukar frå tre til seks meter. Når vi ryddar for vilt, så ryddar vi inntil ti meter, seier Nes.

Utanom nyanlegga har ikkje Statens vegvesen konkrete planer om hjortegjerde. Dei følgjer rapporten som Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norsk Hjortesenter på Svanøy utarbeidde om risikostrekkjer for nokre år sidan.

– No har vi rydda mellom Lavik og Vadheim, der vil vi fortsette. Elles har vi punkt i Førde og Jølster, samt i Nordfjord, seier Nes.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå