Har brukt 167 millionar

Kommunane i Sogn har kjøpt konsulenttenester for meir enn 167 millionar kroner dei siste fire åra, det skriv Sogn Avis i dag. Mellom anna har kommunane nytta 30 millionar på kjøp av advokathjelp. – Utfordringa er at vi er så små at vi ikkje greier å tilsetje all den spesialkompetansen som krevst, seier ordførar i Balestrand, Harald Offerdal til avisa.

Harald Offerdal
Foto: Noralv Pedersen / NRK