Hopp til innhold

Har brukt 133 millionar på å gjere tunnelen tryggare

Eit svært omfattande arbeid med Geiteryggstunnelen på fylkesveg 50 nærmar seg no slutten. Denne veka blei tryggleiken i den «nye» tunnelen testa frå både aust- og vestsida.

Øving i Geiteryggstunnelen

STOR ØVING: Brann- og politifolk frå både aust og vest var med på den omfattande øvinga.

Foto: Statens vegvesen

– Den førebelse tilbakemeldinga vi har fått er at dette fungerte bra, seier prosjektleiar for rehabiliteringa av den gamle tunnelen, Tore Braaten.

Ei omfattande øving med redningsressursar frå både Sogn og Hallingdal set eit førebels punktum for å gjere den mykje brukte tunnelen tryggare.

Skal overvakast heile døgnet

Buskerud fylkeskommune har brukt over 133 millionar kroner på å få bytta ut alt av teknisk utstyr i tunnelen som ligg på fjellovergangen mellom Aurland og Hol. No meiner Braaten at det er ein langt tryggare tunnel som er klar til bruk.

– Det vi no har gjort er å bytte ut alt det gamle utstyret. Vi har ny ventilasjon, vi har nye naudtelefonar, vi har ny belysning og vi får naudnett. Tunnelen blir no fjernovervaka frå vegtrafikksentralen i Porsgrunn, fortel Braaten.

Øving i Geiteryggstunnelen

REALISTISK: Det blei sett fyr på olje i ein container inne i tunnelen. Det skapte ei realistisk øving.

Foto: Statens vegvesen

God erfaring med øvinga

Ved ei hending i tunnelen, vil mannskap rykkje ut både frå Hol og Aurland, og som planlagt var det mannskap frå austsida som kom først fram. Men med det nye ventilasjonssystemet kan ein også "snu røyken" frå vestsida.

Tore Braaten

GODT NØGD: Prosjektleiar i Statens vegvesen, Tore Braaten.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Det er mykje nytt utstyr, ventilasjon og naudutstyr i tunnelen. Veldig viktig at blålysetatane lærer seg å bruke tunnelen ved ein eventuell naudssituasjon, slår Braaten fast.

Lensmann Torstein Seim på Hol lensmannskontor var skadestadsleiar under øvinga i tunnelen, og han er trygg på at tryggleiken no blir teke godt vare på framover.

– Det er lagt ned mykje arbeid for å gjere tunnelen tryggare, og øvinga var god og realistisk, seier Seim til NRK.