Hopp til innhold

«Aldri opplevd at så mange bilar står fast»

– Det var som å gå med eit skjerf framfor auga. Vi såg ingenting, fortel Terje Weka. Han var ein av brøytemannskapa som måndag kveld berga ut 39 personar frå 17 innesnødde bilar på Sognefjellet.

Innesnødde bilar på Sognefjellet

INNPAKKA I SNØ: Desse bilane måtte måndag kveld bergast ut frå snømassane på Sognefjellet.

Foto: Ove Fortun

– Det var skikkeleg vind og dårleg sikt. Det var vanskeleg å jobbe. Du ser absolutt ingenting. Du må berre føle deg fram, fortel den erfarne brøytebilsjåføren til NRK.

Ein omfattande bergingsaksjon med brøytemannskap, bilbergarar, politi og Røde Kors vart sett i verk då til saman 17 bilar vart ståande fast i snøkavet på fylkesveg 55 måndag ettermiddag. Først seint på kvelden var alle komne ned frå Sognefjellet.

Måtte føle seg fram langs bilane

Weka har hatt Sognefjellsvegen som arbeidsplass i 25 år, men aldri har opplevd liknande.

Brøytebil på Sognefjellet

1. JUNI: Terje Weka sin brøytebil fotografert på Sognefjellet måndag.

Foto: Terje Weka

– Vi kjenner fjellet og har hjelpt folk ut før, men eg kan ikkje hugse at det har vore så gale som dette. Vi har ikkje hatt så mange bilar som står fast på éin gong.

Weka hjelpte sjølv til med å få laus fire bilar, to av dei bubilar, på sognesida av fjellet.

– Der var det tre meter høge brøyteskavlar. Når vinden står på legg det seg fort halvanna meter i holene mellom dei – i vegen.

Med minimal sikt måtte mannskapa bokstavleg tala føle seg fram langs bilsidene.

– Eg fekk sopt av litt snø på vindauga slik at dei innesnødde bilførarane fekk opna ei glipe på bilruta. Slik fekk vi snakka med alle og sa til dei at vi skulle få dei ut. Og det klarte vi, fortel Weka dagen derpå.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Innesnødd bubil på Sognefjellet

NORGESFERIE: Eit eldre fransk ektepar måtte setje att bubilen sin oppe på Sognefjellet. Bilen blir ståande til fjellet opnar att.

Foto: Ove Fortun

Innesnødde, men rolege

Brøytebilsjåføren rosar uheldige bilistane for å ha tatt situasjonen med fatning.

– Dei vi hadde med å gjere på sognesida var heilt rolege og beherska. Vi trudde vi skulle få med oss alle bilane ned att, men det tok for lang tid mellom kvar gong vi fekk ut ein bil, så vi måtte setje att to bilar.

Eit eldre fransk ektepar måtte forlate bubilen sin oppe på fjellet, og vart losjert inn på Turtagrø hotell. To av bilane kom frå Jostedal, dei reisande her gjorde vendereis. I tillegg fekk ein annan, tysk bubil, hjelp til å komme seg ned.

– Eg køyrde campingbilen ned til Turtagrø. Eg kan ikkje særleg mykje tysk, men eg prøvde å snakke litt med dei. Dei tykte det var litt skummelt og litt spennande. Dei skal vere i Norge nokre veker, og hadde aldri vore borti noko liknande, fortel Weka.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Innesnødd bubil på Sognefjellet

ENORME MENGDER: Taket på den franske bubilen stikk så vidt opp mellom brøytekantane på Sognefjellet.

Foto: Ove Fortun

Framleis uvêr i fjellet

Tysdag føremiddag er fylkesveg 55 over Sognefjellet framleis stengd grunna uvêret som herjar på fleire av fjellovergangane (sjå faktaboks).

– Det ikkje betre køyreforhold over fjellovergangane i ettermiddag. Ein må rekne med sterk vind og nedbør som snø, opplyser satsmeteorolog Kjersti Oppstad Strand ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Meteorolog Kjersti Opstad Strand

FRAMLEIS NEDBØR I VENTE: Statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand åtvarer mot vinterlege køyreforhold i fjellet.

Foto: Kamilla Pedersen

Først onsdag kan ho love betre vêr også i høgda.

– Lågtrykket passerer og nedbøren går over til byer. Det ser ut til at det blir gradvis lettare vêr utover veka mot fredag.