NRK Meny

Har brot i kinnbeinet

Azar Karadas har fått brot i kinnbeinet, det stadfestar medisinsk leiar Andreas Foss i Sogndal Fotball ovanfor NRK.no. Karadas fekk seg ein skikkeleg smell i kampen mot Sarpsborg 08 i går kveld, og er måndag føremiddag framleis innlagt ved Førde sentralsjukehus. Foss seier til NRK at det førebels er usikkert kva som skjer vidare med eidaren.