Hopp til innhold

Har brannbil frå 1973 - krev ny

Viss ikkje brannmannskapet får ny brannbil, sluttar dei.

Brannbil i Aurland

Brannbilen i Aurland

Foto: Arne Veum, Aurlendingen

For mannskapet ved den vesle brannstasjonen i Gudvangen må nemleg klare seg med ein gammal bil av merket International frå 1973.

- Vi føler oss dumme

No ønskjer dei seg ein moderne brannbil med vatn og skum, skriv Sogn Avis.

– Folk tek bilete av oss når vi kjem med denne bilen. Du føler deg relativt dum når du kjem køyrande med ein slik veteranbil, seier ein av brannmennene.

Mista bremseeffekten

Den gamle bilen er heller ikkje særleg driftssikker, og ved ei utrykking mista den bremseeffekten. No har dei gitt beskjed om at nok er nok, og at dei sluttar viss dei ikkje får ny.

Onsdag er det møte i formannskapet i Aurland kommune, og brannsjef Arvid Gilje skal leggje fram ein plan for å løyse problemet.

Det kan enda opp med at mannskapet i Gudvangen får brannbilen frå 1987 frå hovudstasjonen i Aurland og at det blir løyvd tre millionar til ny brannbil i Aurland.

– Brannbilen i Aurland tilfredstiller ikkje dagens krav til brannbil ved hovudstasjonen. Bilen har mellom anna utruleg låg motoryting, skriv Gilje i saksutgreiinga.