Lutfattig fylkeskommune må spytte inn pengar for ny veg til Vevring

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Nordic Mining har bindande avtale om spleiselag for å få veg mot Vevring.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

MÅ HA VEG: Nordic Mining vil spytte inn pengar for å få skikkeleg veg til og frå gruvedrifta. Fjorddeponiet er ein sentral del av drifta.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

– Fylkeskommunen er i ein krevjande situasjon, men samstundes har vi gjort ein avtale, seier Arnstein Menes, leiar i hovudutvalet for samferdsle.

Etter at regjeringa godkjende gruvedrift i Engebøfjellet, må fylkeskommunen, som skal spare 230 millionar kroner dei kommande åra, halde på avtalen dei gjorde med Nordic Mining i 2011.

Har forplikta seg

Det handlar om eit spleiselag der begge spyttar inn millionar for å ruste opp fylkesvegen mellom Vevring og Naustdal.

– Vi har forplikta oss til å gjere noko med den vegen dersom det blir gruvedrift, slik at vi må diskutere korleis dette skal løysast, seier Menes.

Fylkeskommunen skal inn med 55 millionar. Nordic Mining vart med på avtalen slik at fylkeskommunen kunne utbetre vegen mot Vevring, og sa seg villige til å dekke 40 millionar kroner.

– Dette er eit spleiselag. Det krev at begge partar held sin del av avtalen, seier Ivar Fossum, direktør i gruveselskapet Nordic Mining.

Selskapet er klar på at dei vil legge millionar av kroner på bordet for å få betra ein veg dei ikkje eig.

Må starte planlegging

– Utangangspunktet i samfunnet er at kommunane, fylkeskommunen og staten har ansvaret for infrastrukturen, men vi ser at situasjonen vil bli endra ved Engebø. Difor vil vi etter evne vere med å bidra for å få utbetra vegen, seier Fossum.

Frank Willy Djuvik i Frp, som sit i hovudutval for samferdsle, meiner planleggingsarbeidet med ny veg bør starte så fort som mogeleg.

– Fylkeskommunen må sette i gang straks med planlegging og prosjektering slik at prosjektet kan realiserast, og Nordic Mining kan betale sin del og fylkeskommunen sin del, seier Djuvik.

For fylkeskommunen vil det bli vanskeleg å bryte ei slik bindande avtale.

– Eg har ingen signal per no om at vi kjem til å gjere det, seier Arnstein Menes.

Engebø med utskipingskaia

FÅR NY VEG: Fylkskommunen skal spare pengar, men har inngått avtale om veg mot Vevring for å sikre gruvedrifta.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK