Hopp til innhold

Jakta var mislukka - har avliva tre jerv med ekstraordinære uttak

Statens naturoppsyn har dei siste dagane avliva tre jervar i fjellområda mellom Sogn og Oppland.

Jerv avliva i Luster 14. mars 2013

AVLIVA: Statens naturoppsyn reiser til fjells med helikopter for å finne jerv. Denne jerven vart avliva i fjellet i Luster sist veke.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.

Dei siste åra har det blitt skote svært få jervar under den ordinære jakta, og i staden har ein måtte gjere såkalla ekstraordinære uttak på våren.

I vinter vart det gitt løyve til å felle totalt fem jervar i region 1, men då lisensjakta var over i midten av februar var ingen felte.

To hannar og ei tispe

Sogn og Fjordane er del av rovviltregion 1, ein region der Stortinget har sagt at det ikkje skal vere hi eller reproduksjon av jerv. Beitedyr er prioritert, og Direktoratet for Naturforvaltning gav difor løyve til ekstraordinært uttak av tre jervar i eit område i Sogn og Fjordane.

Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf, seier dei har teke ut tre dyr i Sogn.

– Vi har teke ut tre jervar, ein hann og ei tispe i Luster kommune, og ein hann som vart felt rett over grensa til Oppland.

– Han vart spora ganske langt frå Sogn og Fjordane før han vart avliva i Oppland, seier Golf til NRK.no.

Få jerveskader i fjor sommar

Også i fjor vår vart det gjort ekstraordinære uttak av jerv i Sogn og Fjordane, den gong vart det teke ut til saman seks dyr.

Dette synte godt att i fjor sommar, då bøndene i fylket melde frå om ein stor nedgang i talet på jerveskader. I 2012 vart det ikkje registrert ein einaste dokumentert eller det ein rekna med var jerveskade, mot 11 i 2011.

I fjor vart det gitt erstatning for 34 sau og lam tapt til jerv, ein stor nedgang frå 2011 då talet var heile 293.

Golf vil ikkje seie noko om kva han synst om at ein stadig må til med ekstraordinære uttak og viser til at det er forvaltninga som tek avgjerda om korleis jervestammen skal forvaltast.

– Er det for mykje jerv?

– Når direktoratet fattar slike vedtak er det fordi dei meiner jervestammen må regulerast, og då spesielt i dei regionane som beitedyr skal ha prioritet.