NRK Meny
Normal

Har avhøyrt både den skadde mannen og føraren av etterlyst traktor

Politiet har 2. juledag avhøyrt mannen som blei funnen medvitslaus i vebana på E39 på Skei i Jølster torsdag kveld. Dei har også avhøyrt føraren av ein traktor som var i nærleiken då mannen blei funnen.

Skei skule ulukke

FUNNEN HER: Den medvitslause mannen blei funne i dette området, like ved Skei skule i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Men politiet vil førebels ikkje seie noko om kva som har kome fram i avhøyra, og dei vil heller ikkje seie noko om kva som kan ha skjedd då mannen blei funnen i vegbana.

Ein mann i 50-åra vart 1. juledag funnen medvitslaus i vegbana på E39 ved Skei skule i Jølster. Føraren av ein John Deere-traktor blei etterlyst, men vedkomande melde seg for politiet.

– Føraren av traktoren vi etterlyste har no vore i kontakt med politiet, opplyste operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen, til NRK rett før klokka 21 torsdag kveld.

– Kva har traktorføraren sagt til politiet?

– Det ønskjer eg ikkje å gå inn på, og han vil ikkje bli avhøyrd i kveld, sa Rimmen.

Mannen blei altså avhøyrd 2. juledag, men Rimmen vil ikkje seie noko om kva som har kome fram i avhøyret.

Fekk melding frå helsevesenet

Politiet fekk melding om hendinga klokka 17.19. Det var mannskap frå luftambulansen som melde frå, etter at dei var komne fram til staden.

– Det vi veit, og det vi har fått av opplysningar er at det blei funne ein mann medvitslaus med skader i hovudet på E39 på Skei i Jølster like ved parkeringsplassen ved Skei skule.

– Mistenker de at mannen kan ha blitt påkøyrd?

– Det er vel to scenarier her. Det er jo det at vedkomande kan ha falt og pådrege seg skader. Eller det kan ha vore noko som har vore borti han, slik at han har falt om i vegen og fått skadar, seier Rimmen.

Ifølgje folk som kom til staden, skal mannen ha klart å gjere greie for seg då han blei funnen, men han skal ikkje ha noko minne om kvifor han blei liggjande skada i vegbana.

Han vonar at etterforskinga vil avklare kva som har skjedd, men at dei ønskjer kontakt med moglege vitne.

Veit du noko om saka? Tips oss på epost eller på telefon 57724242

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast