Hopp til innhold

Lensmann: Fleire titals oksar må sendast til naudslakt etter dyretragedie

FJALER (NRK): Politiet og Mattilsynet har rykt ut til ein gard i Ytre Fjaler i Sogn og Fjordane der det blei funne mellom 50 og 60 vanstelte oksar. Alle dyra blir sende til naudslakt.

Ein bonde i Ytre Fjaler er meld til politiet for vanskjøtsel av over 50 oksar.

ALVORLEG: Lensmann i Fjaler, Åge Løseth, har i ettermiddag gjort avhøyr av bonden som no er mistenkt for grov dyremishandling.

Det var eit grufullt syn som møtte Mattilsynet då dei kom på ein rutineinspeksjon på garden som ligg i kystnære strok i Fjaler kommune i Sunnfjord. Fleire titals storfe var utmagra og tilgrisa av sin eigen skit og møk.

Mattilsynet varsla politiet som rykte ut tysdag føremiddag.

– Vi fekk melding om at dei hadde avdekka alvorleg vanskjøtsel av dyr i ein fjøs i Ytre Fjaler. Eg ynskjer ikkje å gå konkret inn på korleis det såg ut, men det var så ille at Mattilsynet vedtok at dyra umiddelbart måtte sendast til slaktehuset, seier lensmann i Fjaler, Åge Løseth.

Var heilt ukjend for politiet

– Kor omfattande er dette?

– Vi er heilt i starten av etterforskinga. Men det er mellom 50 og 60 dyr i fjøsen og vi har funne to daude dyr inne. Dette er oksar. Tilhøvet var heilt ukjend for oss i politiet før vi fekk meldinga i dag, seier Løseth.

Rune Myklatun, seniorinspektør i Mattilsynet

SVÆRT UROA: Avdelingsleiar i Mattilsynet, Rune Myklatun.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Til stades på garden no i ettermiddag er også ein representant for dyrevernsnemnda, i tillegg til politifolk og mannskap frå Mattilsynet.

– Det som skjer no er at vi tek dyra over i slaktebilar og fraktar dei til slaktehuset i Førde. Ein del blir frakta i kveld og resten i morgon. Saka blir meld til politiet av Mattilsynet som straffesak.

– Du er lensmann i eit distrikt med mykje landbruk, kjem du borti mange slike saker?

– Det er heldigvis ikkje mange. Det kan gå år mellom kvar gong, men det er vondt å sjå og vi vert prega av slike saker, seier Løseth.

Slaktebil på gard i Ytre Fjaler

DYRETRAGEDIE: Mellom 50 og 60 oksar må slaktast på grunn av vanskjøtsel.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Observerer situasjonen

Fungerande avdelingsleiar i Mattilsynet, Rune Myklatun, seier til NRK at det er snakk om ei dyretragedie som dei ser svært alvorleg på.

– Dyra er funne under svært kritikkverdige tilhøve og dei har det ikkje noko bra. Det er veldig skite og det er mykje møk. To dyr er observert daude. Vi er på staden no for å overvake situasjonen, seier Myklatun.