Hopp til innhold

Slik fekk dei opp treningsiveren hos dei unge idrettsutøvarane

Etter fem år med det såkalla «Topp idrettsutvikling»-prosjektet, er treningsiveren blant dei yngre blitt langt betre.

Eirik S. Nedrehagen

LEIAR: Eirik S. Nedrehagen har leia prosjektet «Topp idrettsutvikling».

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Det slår prosjektleiar Eirik S. Nedrehagen fast. I går vart evalueringsrapporten for prosjektet lagt fram for idrettsmiljøa i fylket.

– Ein har fått inn, i alle fall innan dei miljø som er i prosjektet, ein betre treningskultur. Det er vanlegare å trene mykje, og vanlegare å trene systematisk med testing for å korrigere trening. Det er eg veldig glad for, seier Nedrehagen.

Møtte utfordring

Prosjektet «Topp idrettsutvikling» vart sett i gang i 2008, med fokus på utøvarar mellom 15 og 19 år. Målet var å auke kunnskapen om alt frå treningsmetodar til kosthald.

Ulike idrettsmiljø, som handball, volleyball, fotball, skiskyting og langrenn skulle no trene saman og lære frå kvarandre. Idrettar med sesong på ulike tider av året.

– Dette er jo ei stor utfordring, seier Frode Fretland, som har vore med i evalueringsgruppa frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Bank tok initiativ

Fretland viser til Olympiatoppen, som er utgangspunktet for toppidrettssatsinga i Norge, der dei gjennom heile året samlar idrettar til stimuleringssamlingar.

Fekk med seg presentasjonen

TILHØYRARAR: Idrettsmiljøa i fylket sat på tilhøyrarbenken under presentasjonen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Slik sett kan ein seie at idrettssenteret i Sogndal har spelt ei slik rolle. Likevel kan ikkje folk komme til Sogndal rett som det er, så dette må vere basert på når det passar. Difor har ein hatt desse stimuleringssamlingane fleire gonger i året, seier han.

Det var Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane som tok initiativ, og har stilt med pengar, til prosjektet. Han meiner «Topp idrettsutvikling» har fått mykje å seie for idrettsmiljøa i fylket.

Bevisstgjering

Arvid Andenæs

INITIATIV: Arvid Andenæs tok initiativ til prosjektet.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Andenæs seier tanken var å utnytte kompetansen kring idrettssenteret i Sogndal, og få den ut til klubbane og dei gode klubbmiljøa, og å få til eit samarbeid på tvers av idrettsgreiner og regionar.

– Det tek si tid og må jobbast med. No har vi halde på i fem år og vi har kome mykje lengre på dei fem åra enn vi kanskje kunne håpe og tru på, seier han.

– Det å bevisstgjere både idrettsutøvarar og trenarar på kva som må til for å bli betre, er ein viktig del av dette. Det å ha opplegg, trenarressursar og kunnskap om korleis det skal gjerast og utveksle det, skape entusiasme og vilje til å stå på vidare. Då hevar du klubbane og du hevar idrettsutøvarane, avsluttar Andenæs.