Hopp til innhold

Har ambisjonar om å tilsette hundrevis i Årdal – Nav trur det blir vanskeleg

ÅRDAL (NRK): Silisiumbedrifta Norsun vil tilsette fleire hundre fleire folk. Men NAV trur dei skal slite med å skaffe folk.

Norsun i Årdal

STOR UTVIDING: Fordelt over tre utbyggingsfasar vil Norsun bruka om lag fire milliardar kroner på å utbygging. Det vil gje ei tidobling i produksjonen og om lag ei dobling på talet på tilsette.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det vil vere ei kjempeutfordring for Norsun. Arbeidsløysa er så låg i Sogn og Fjordane no at det vil vere krevjande å få tak i nok arbeidskraft, seier Frode Henden i Nav Sogn og Fjordane.

For Norsun har planar om å tidoble produksjonen og investere om lag fire milliardar. Det betyr at dei treng mange fleire tilsette enn dei vel 200 dei har i dag. Det var Porten.no som først skreiv om dei store utvidingsplanane til Norsun.

NAV vil hjelpe

Statistikken til Nav syner at situasjonen i Årdal er på betringas veg etter mange år med nedbemanningar hos hjørnesteinsbedrifta Hydro. Per dags dato er det berre ei handfull arbeidsledige personar i industribygda, seier Henden i Nav.

– Og det betyr at det vil vere krevjande å skaffe mange nye folk. Men vi skal sjølvsagt hjelpe til, for ambisjonane til Norsun er først og fremst veldig gledeleg.

Frode Henden

VIL HJELPE: Frode Henden i Nav seier arbeidsløysa i Sogn og Fjordane er låg, noko som kan gjera det vanskeleg for Norsun å skaffe 200 nye tilsette.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Norsun produserer syltynne silisiumskivene, såkalla wafers, som produsentane av solcellepanel treng. Produsentar i heile verda spør etter produktet og produksjonssjef i Norsun, Alf Einar Karlsen, trur folk frå heile landet vil flytta til Årdal for arbeid.

– Stillingane vi har lyst ut tidlegare har tiltrekt seg søkarar frå heile landet, seier Karlsen.

I dag har bedrifta i overkant av 200 tilsette. Når planane om utbygging er gjennomført treng dei det dobbelte.

Stor prisauke

Alt i september melde Norsun om at dei hadde planar om å bygga ut, men no er planane meir konkrete.

Fabrikken vart starta opp i 2008 har tiårsjubileum i år, men undervegs har dei hatt økonomiske vanskar, permitteringar og dundrande underskot. Men dei siste par åra har pilane berre peika ein veg og no planlegg dei altså store investeringar.

– I fjor var det ei auke med 30 prosent i marknaden og det var utover den venta auka som alt var ganske høg, seier Karlsen.

For bedrifta frå Årdal sitt produkt har blitt meir ettertrakta. Delar av årsaka er produksjonsvilkåra.

– Vi har eit stort konkurransefortrinn med at vi får energien vi brukar frå vasskraft. EU har sett strenge krav til produksjonen av solcelle komponentar om at det skal vera ein miljøvenleg produksjon, seier Karlsen.

Alf Einar Karlsen

STØRRE: Produksjonslokalet skal bli større og meir effektivt etter at utvidingsplanane er gjennomførte, seier produksjonssjef i Norsun, Alf Einar Karlsen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK