Hopp til innhold

Har aldri tapt mot Tromsdalen

Rune Bolseth har ein sjeldan god statistikk mot dagens motstandarar.

Rune Bolseth
Foto: Arve Uglum / NRK

Seks kampar, fem sigrar og ein uavgjort er Sogndal sin statistikk mot dagens motstandar på Fosshaugane. Rune Bolseth har vore på bana i samtlege kampar, og har mange gode minner. Seinast frå siste heimekamp mot Tromdsdalen i 2007, då han skåra vinnarmålet på overtid.

- Det har gått bra mot Tromsdalen. Det der er ein sjeldan god statistikk, seier Sogndal-kapteinen.

Sjå Sogndal - Tromsdalen direkte i nett-TV

Tekstoppdatering minutt for minutt

Knappe sigrar

Men Sogndal-sigrane har vorte knappare med åra. Frå dei to første kampane i 2000 som Sogndal vann 6-0 og 6-2, til dei to siste i 2007 der Sogndal avgjorde begge kampane på overtid.

- Dette er uansett ikkje noko me går og snakkar om. Vi har hatt så store utskiftingar i laget at dei fleste av oss ikkje har noko eigarskap i denne statistikken, seier Bolseth som i lag med Terje Skjeldestad og Anders Stadheim er dei einaste som er att i troppen sidan kalassigrane rett etter årtusenskiftet.

Lag på opptur

Mykje tyder på at dagens kamp kan bli den tøffaste mot Tromsdalen nokon sinne, som har reist seg etter nedrykket i 2007. Gjestene frå nord kjem til Sogndal med mange skader, men også ein imponerande sesong så langt. Fire sigrar og berre to tap har teke dei til tredjeplass på tabellen, berre eitt poeng bak Sogndal.

- Det er andre mot tredjeplass og dermed eit toppoppgjer. Då kan eg ikkje sjå nokon grunn til at vi skal undervurdere dei, seier Bolseth.