NRK Meny
Normal

Har aldri slått dagens motstandar

Sogndal har aldri slått Sandnes Ulf i ein obligatorisk fotballkamp. I dag møtes dei på Sandnes stadion.

Gustav Valsvik

DÅRLEG STATISTIKK: Gustav Valsvik og Sogndal har ingen god statistikk mot Sandnes Ulf.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Berre under Vestlandsmeisterskapen i fjor har Sogndal slått dagens motstandar. Då enda kampen 4-3 i favør av Sogndal. Tre av seks kampar har enda uavgjort, medan dei siste tre har enda i tap.

Assistenttrenar, og analyseansvarleg, Tom Mangersnes har både tru og håp om at første siger kjem i dag.

– Nøkkelen for oss er å vere gode på dei tinga vi var gode på før ferien, seier han.

Furebotn optimist

Sogndal må klare seg utan Azar Karadas i dag. Det opnar for gjensyn med Ricardo Santos på topp saman med Ulrik Flo. På Sandnes Ulf håpar Henrik Furebotn å medverke i det som blir gjensynet med gamle lagkameratar.

Ryggplager gjorde at han stod over dei to siste kampane før ferien.

– Sandens Ulf har ein god statistikk mot Sogndal, og eg trur vi tek alle poenga og får første heimesiger i år, seier han.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.