Hopp til innhold

Geologen har aldri sett så stort skred på denne staden før

Raset som har stengt riksveg 13 over Vikafjellet er 150 meter langt. Det er det største raset geolog Njål Farestveit i Statens vegvesen har sett ved Ygnesdalshamrane nokon gong.

Ras ved Ygnesdalshamrane på riksveg 13 over Vikafjellet

SVÆRT: Raset som har stengt riksveg 13 ved Ygnesdalshamrane, er eitt av dei største som nokon gong har gått akkurat her.

Foto: Statens vegvesen

– Brotkanten på skredet er opp mot tre meter, og det dekkjer vegbana i 150 meters lengde. Dette er det største skredet eg har sett på denne staden, seier Farestveit.

Han har i dag vore på fjellet for å sjå på rasområdet og vurdere om det er trygt å opne.

– Vi har vore borte ved skredområdet ved Ygnesdalshamrane, som er kjent for Statens vegvesen. Dette er ein stad som er svært utsett for austavêr, seier Farestveit.

Skuldast mildvêr og austavind

I løpet av søndag eller måndag gjekk det eit stort skred i området, og sidan då har riksveg 13 over Vikafjellet vore stengt.

– Det er to årsaker til at skredet vart så stort, og det er at det har vore så mykje austavind som har lagt i hop snø, samt at det kom mildvêr. Vatn trengde ned gjennom snøen og ned til eit skarelag, der det samla seg opp. Dermed gjekk skredet over kanten av det skarelaget, seier Farestveit.

Sprenger snøskavlar

MYKJE SNØ: Geolog Njål Farestveit fortel om snøskavlar på mellom tre og fire meter på Vikafjellet.

Foto: NRK

Det er ganske mykje snø i området.

– Eg grov ein profil på halvannan meter i dag, men då grov eg på ein stad der det var litt lite snø. Brotkanten på skredet var vel tre meter, så akkurat i det området var det nok tre-fire meter med snø. Men det varierer, seier Farestveit.

Usikkert når vegen vert opna

Han har vurdert skredfaren som så liten at det er råd å ta til med å fjerne skredet.

– Entreprenøren er i gang med å frese seg gjennom. Men i og med at skredet er så langt, i tillegg til at ein må frese seg bort til skredet, så vil dei halde på med det utover dagen. Dei vil komme tilbake med eit tidspunkt for opning, seier Farestveit.

Han torer ikkje slå fast om riksveg 13 vert opna i løpet av dagen.

– Det er eg usikker på, for entreprenøren må bruke den tida dei treng for å få rydda opp. Om det vert i dag eller i morgon tidleg, det får vi sjå, seier Farestveit.

– Eg har vurdert den lokale skredfaren til faregrad to. Det er fordi snødekket no har stabilisert seg etter det mildvêret som har komme, seier Farestveit.

Men han ber likevel folk ta omsyn når dei ferdast i fjellet.

– Viss ein går veldig bratt, så kan ein løyse ut skred fordi snødekket er så veldig vått. Men generelt sett er vi på faregrad to, med relativt stabile forhold, seier Farestveit.

Mykje nedbør kan auke skredfaren

– Det er meldt mildvêr, med moglegheiter for noko nedbør og søraustleg vind. Då vil nok tilhøva halde seg omtrent slik som dei er no. Men kjem det mykje nedbør, så aukar skredfaren att, seier Farestveit.

– I dag er det ikkje så gale vêr på Vikafjellet. Faktisk er det ganske bra, seier Farestveit.

Han kom frå Myrkdalen i dag, og har difor fått sett på skredfaren på resten av strekninga over Vikafjellet også.

– Den strekninga verkar ganske trygg i dag. Men eg har ikkje køyrt mellom Storehaug og Vik, så der veit eg ikkje, seier Farestveit.