Hopp til innhold

Enormt sprik i kampen om elektrokontrakt på E16

Det skil 50 millionar mellom dyraste og rimelegaste tilbod på elektroarbeidet i Filefjelltunnelen. – Slike sprik er svært sjeldan.

Filefjelltunnelen

VIL INNREIE: Ni entreprenørar har meldt seg i kampen om å stå for elektroarbeidet i Filefjelltunnelen.

Foto: Statens vegvesen

Det seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen om tilboda frå ni entreprenørar som ynskjer å stå for elektroarbeidet i nyetunnelen på E16 over Filefjell.

Spanske Aldesa Construcciones krev 78 millionar kroner for same arbeidet som Mesta Elektro krev 29,3 millionar for.

– Eg kan ikkje hugse at vi har hatt noko dobling i tilboda. Det er nok spesielt, seier Haugen.

Vil ikkje spekulere

Statens vegvesen opna i dag tilbodet på elektroarbeidet. No vil dei kontrollrekne tilboda, og det er venta kontraktsignering i juli.

Elektroarbeidet i Filefjelltunnelen

Tilbydar

Tilbodssum eks. mva

Mesta AS Elektro

29.278.244,66

Aventi Installation AS

32.229.365,72

Land Elektriske

32.570.376,00

Kvinnherad Elektro AS

32.611.985,00

Langset Energy AS

33.212.640,00

Infratek Norge AS

36.346.474,00

One Nordic Kraftmontasje AS

36.999.128,00

Vinje Industri AS

41.045.596,00

Aldesa Construcciones SA

77.945.051,82

Haugen vil ikkje spekulere i kvifor det er så stor skilnad mellom det rimelegaste og dyraste tilbodet.

– Det vil etter kvart vise seg. Framover blir det kontrollrekning og evaluering av kvalifikasjonane til alle dei som har rekna. Det viktigaste for oss er at dei fleste ligg innanfor det prisnivået som er rekna med, seier han.

500 lysarmatur

Kontrakten omfattar levering og installasjon av elektrisk utstyr i den nær seks kilometer lange tunnelen. I tillegg skal ein setje drift i uvêrslys og gatelys på Filefjell.

I alt skal det monterast kring 500 tunnellysarmatur og kring 230 rømmingslysarmatur i tunnelen. Ventilasjon, naudtelefonar, radioutstyr, 35 kilometer fiberkabel og 50 kilometer sterkstraumkabel inngår også i kontrakten.

Filefjelltunnelen

ARBEID: Siste salva på Filefjelltunnelen gjekk i oktober i fjor. Etter planen skal den opne hausten 2017.

Foto: Statens vegvesen

– Vi er veldig nøgde med at det er ni som har rekna på det. Det betyr at det har vore god konkurranse, seier Haugen og håpar på avgjerd før sommarferien.

Etter planen skal monteringa starte i januar 2017.

– Det er viktig for dei som skal gjennomføre ein elektrokontrakt at det er god tid til planlegging bestilling av materiale, seier Haugen.