Hopp til innhold

Har aldri målt Senterpartiet så høgt nokon gong

Aldri har Senterpartiet blitt målt så høgt på ei Sentio-måling. 33,5 prosent er ny rekord både nasjonalt og lokalt.

Laster innhold, vennligst vent..

  • Sentio har aldri målt Sp så høgt. Nokon gong. Nokon stad
  • Sp ligg an til å ta to av fire stortingsmandat i Sogn og Fjordane
  • Sp stel veljarar frå alle andre parti
  • Høgre har det kraftigaste fallet, og blir nesten halvert

Seniorrådgjevar Arve Østgaard var med og stifta Sentio Research i 1997. I alle sine tiår i bransjen har han aldri sett liknande tal for Senterpartiet.

– Det er heilt ekstremt. Vi har målt Senterpartiet sidan oktober 1997, og aldri har vi målt partiet så høgt. Verken nasjonalt eller lokalt.

– Vi hadde ei måling i Hedmark midt under ulvesaka. Då fekk dei rekordhøge 29,5. Men her i Sogn og Fjordane blir det altså 33,5 prosent. Det er svært dramatisk og oppsiktsvekkande!

Navarsete er overraska

Senterpartiet hentar halvparten av sine veljarar frå andre stadar. Anten andre parti, eller tidlegare sofaveljarar.

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) er vilt begeistra.

– Wow! Ho! Hahaha! Det var jo ... Helledussen!

Sp-dronninga gisper og ler når ho får vite om rekordmålinga i heimfylket.

– Ja, klart er eg overraska. Men på den andre sida, når vi ser korleis Sogn og Fjordane kjem ut med dagens sentraliseringspolitikk og tapping av makt, så merkar folk det.

Steinar Ness, Liv Signe Navarsete

TO PÅ TINGET: Om den nye målinga hadde vore valresultatet, så ville både Steinar Ness (t.v.) og Liv Signe Navarsete fått fast sete på Stortinget.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Meiner reformene er årsaka

– Kommunereform, regionreform, politireform, Sivilforsvaret, tingrettar, jordskifterettar. Det er ikkje eit einaste område der det ikkje er sentraliseringar som råkar fylket hardt. For vi mister arbeidsplassar, og vi mister makt.

Sentio Research har gjennomført meiningsmåling for NRK Sogn og Fjordane, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Fjordingen. 600 personar er intervjua 24.–30. april. Resultata har ein feilmargin på +/- 4 prosent.

Meiningsmålingar i Sogn og Fjordane - stortingsrepresentantar