Hopp til innhold

Har aldri gått så lenge utan konkurranse – no trur han på VM-medalje

Anders Fannemel vart vraka til hoppkonkurransar og fekk beskjed om å trene meir. I VM i Lahti er det ein revansjelysten 25-åring som set seg på bommen.

anders

TRENING: Anders Fannemel har lege i hardtrening før hopp-VM. No er han klar og revansjesugen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det er uvant å vere heime i Noreg midt på vinteren å trene. Sidan 2010 har eg konkurrert i utlandet kvar helg, og før det var det noregscup. Eg kan ikkje hugse å ha vore heime heile februar for å trene, seier Fannemel.

For nokre veker sidan fekk han beskjed av trenaren om at han ikkje fekk delta i verdscuprenna denne månaden. Verdsrekordhaldaren i skiflyging var ikkje god nok til å kjempe i toppen. Gleda var kanskje difor ekstra stor då han fredag fekk beskjed om at han var teken ut på laget som skal til VM i Lahti komande veke.

– Det var herleg. Eg har hatt godt av treninga, og har aldri hoppa så bra som eg har gjort dei siste vekene. No håpar eg at det blir gode svar når eg kjem ut i verda att også.

Trenaren har trua

– Det eg har høyrt frå dei som har sett han trene er at det har vore ein god prosess. Eg har faktisk tru på at han kan heve seg i høve dei resultata han har hatt tidlegare i sesongen. Det er vanskeleg å seie, men potensialet skal vere bra, seier landslagssjef for hopparane, Alexander Stöckl.

Sidan Fannemel ikkje har delteke på konkurransar siste tida, har han ikkje sjølv sett utviklinga. Han trur det er gode sjansar for at det kan henge ein medalje rundt halsen på nordfjordingen etter ein eller fleire av konkurransane i VM.

– Det er alltid vanskeleg i VM, men det å kjempe om ei topplassering i VM trur eg er mogleg.

Har teke tekniske grep

Fannemel meiner han har utnytta tida godt. Han har fått testa mange ski og terpa på teknikken. Sidan sist konkurranse har han truleg hatt kring 80 hopp. Hadde han deltek i konkurransar vill han kanskje hatt om lag 20.

Fannemel

ENDRING: – No står eg meir over beina når eg kjem ut av hoppet. Då går eg meir offensivt ut og det gir meir trykk og sats, forklarar Fannemel om justeringane han har funne fram tid.

Foto: Martti Kainulainen / Lehtikuva / NTB scanpix

– Eg har funne ting som fungerer for teknikken min. Eg har fått betre sittestilling og sats, og alt kjennest heilt annleis ut no enn det har gjort før i år. Eg har slite med å få trykk i hoppinga, men det er betre no, forklarar han.

Etter ein mislukka start på sesongen, der han sjølv innrømte at om forma var så dårleg, så hadde han ingenting i eit VM å gjere, har situasjonen endra seg. No går nordfjordingen for medalje.

– Målet er å vere med i toppen og kjempe om medalje.