Ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal, er frustrert over at pengar som kunne vore brukt på å sikre vegane blir liggande i Vegvesenet si kasse.
Har teke liv før
Ordføraren har dei 13 rasa som gjekk i Kjøsnesfjorden 14. november friskt i minnet. 67 bilistar vart sperra inne mellom rasa i fleire timar, og berre flaks gjorde at ingen kom til skade i infernoet. Men vegen langs Kjøsnesfjorden har teke liv før, og i fjor miste ein mann begge beina då ein steinblokk knuste bilen han sat i.
Gerd Dvergsdal
På besøk i Jølster, og på synfaring i Kjøsnesfjorden tysdag, fekk samferdsleminister Torild Skogsholm sjå med sjølvsyn dei stupbratte og svært rasfarlege fjellsidene mellom Skei og Lundebotn. Men då spørsmålet kom til pengar, vart statsråden taus. Dvergsdal meiner det må vere ein kommunikasjonssvikt mellom departementet og vegdirektoratet.
Utsette prosjekt
Men Samferdsledepartementet vil ikkje kommentere saka. Informasjonssjef Ivar Torvik seier dette er pengar til prosjekt som allereie er vedtekne og som har blitt utsette, og at det er Vegvesenet som rår over midlane.
Utbyggingsdirektør i Statens Vegvesen, Lars Aksnes, seier pengane det aller meste av pengane er løyvde til bestemte prosjekt, og at det difor er uaktuelt å overføre pengane til andre tiltak.