NRK Meny
Normal

Har 400 maraton på samvitet

Mannen med flest maratonløp i Norge slo til att i helga.

Inge Asbjørn Haugen

Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal Idrettslag sprang maraton nummer 400 i helga. Arkivfoto.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Han er allereie medlem i den såkalla «hundreklubben» der dei som har lagt bak seg 100 maratonløp er medlemmer.

Ny rekord

Inge Asbjørn Haugen

I løpsposisjon i maraton. Arkivfoto.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Men i helga sette Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal Idrettslag ein spesiell rekord.

Han sprang inn til sin maraton nummer 400 med tida 3.58.33.

Det var klubben Norodd som stod for arrangementet i Atlanten Maraton i Kristiansund laurdag.

Fekk sjetteplass

Haugen kom på sjetteplass i sin klasse, og klarte altså å kome inn til mål under fire timar.

Den personlege rekorden til Haugen er på tida 3.08.43 og stammar frå Jølster tilbake i 1998. Han har også vore med i maraton Amerika, Afrika, Asia og Australia.

Her kan du sjå andre rekordar og maratontider

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.